BORNA SIN DAG: Første søndag i advent var det fullt i ungdomshuset på Kaupanger. Borna fekk eta risengraut og prøva lukka med åre- og loddkjøp.
BORNA SIN DAG: Første søndag i advent var det fullt i ungdomshuset på Kaupanger. Borna fekk eta risengraut og prøva lukka med åre- og loddkjøp. (Trude Ramstad)

God julestemning på Skogly

Første søndag i advent samla mange seg til julegranstenning, følgd av lotteri og risengraut i ungdomshuset Skogly på Kaupanger.

KORTREIST JULEGRAN: Kaupanger Speidargruppe var med og hogg den flotte julegrana oppom Hovland gard på Kaupanger.
KORTREIST JULEGRAN: Kaupanger Speidargruppe var med og hogg den flotte julegrana oppom Hovland gard på Kaupanger. Bilde: Ingrid Skogheim

Sogndal: Like over klokka fire søndag ettermiddag tente Kaupanger Speidargruppe julegrana som var sett opp i parken. Kaupanger skule og ungdomskorps stod for underhaldning og spelte under opninga.

Ingrid Skogheim seier til Porten.no at det er aspirantane som har ansvaret for grana, og at dei henta den laurdag.

– Julegrana vart hoggen oppom Hovland gard, legg Skogheim til.

Aspirantane i Speidargruppa er dei yngste, og går i femteklassen seier ho.

Bornas dag med flotte vinstar frå det lokale næringslivet

Julemarknaden på Skogly er borna sin dag.           

Trude Ramstad seier til Porten.no at dei arrangerer julemarknaden saman med Speidargruppa på Kaupanger, i regi av ungdomshuset.

– Vi byrja med dette for nokre år sidan og det har vorte meir og meir populært legg Ramstad til.

Etter tenning av julegrana samla folk seg på ungdomshuset Skogly der dei kunne få kjøp seg risengraut, kaker og god drikke.

Dei har også åre- og loddsal.

– Det lokale næringslivet har gjeve oss mange flotte vinstar vi delar ut til vinnarar seier Ramstad. Mykje er lokalt handverk.

Hovudvinsten var eit gåvekort på 3 000 kroner som var sponsa av Amfi Sogningen.

– I kveld har vi også køyrt rundt og delt ut julegåver, seier Ramstad.

Det har vore høve til å kjøpa lodd tre veker i forkant. Dei heldige vinnarane fekk gåva levert heim på døra.

Til toppen