PLANAR: God økonomi og gode planar er ikkje typisk for suksessrike distriktskommunar, kunne avdelingsleiar ved Distriktssenteret i Sogndal, Steinar Fredheim, fortelja. Foto: Ole Ramshus Sælthun
PLANAR: God økonomi og gode planar er ikkje typisk for suksessrike distriktskommunar, kunne avdelingsleiar ved Distriktssenteret i Sogndal, Steinar Fredheim, fortelja. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– God økonomi kan bli ei sovepute

Avdelingsleiar for Distriktssenteret i Sogndal, Steinar Fredheim, kom med gode nyhende til deltakarane på den andre Tataki-kaféen i Lærdal.

Lærdal: – Dei femten kommunane hadde middels økonomi - god økonomi kan kan fort bli ei sovepute.

Fredheim snakka om studien "Suksessrike distriktskommunar" som kartla kva faktorar som gjer at dei beste kommunane på sysselsetting og tilflytting er best på nettopp dette.

Eit av momenta er altså middels god kommuneøkonomi - «for god» kommuneøkonomi kan altså bli ei sovepute. Og det kan knappast kallast anna enn gode nyhende for Lærdal.

– Har ikkje spesielt gode planar

Opplegget med Tataki-kaféar har som føremål å skapa god utviklingskultur i næringslivet i Lærdal. Torsdag kveld gjekk den andre utgåva av stabelen i foajeen i kulturhuset der næringslivsfolk i kommunen var inviterte. 

Steinar Fredheim var hovudføredragshaldar og fortalde vidare at gode planar ikkje er veldig typisk for suksessrike distriktskommunar.

– Det er ikkje eit trekk ved desse kommunen at dei har spesielt gode planar, derimot  at dei snur seg rundt og grip sjansen. Stoppar kommunen opp og seier at ein må sjå på planane før ein kan gå vidare, glipp moglegheiten som ligg føre. Det er ein eller annan grunn til at ei verksemd etablerer seg i til dømes Håbakken - det er fordi nokon har lagt til rette for det.

TATAKI: Å få på plass ein utviklingskultur i Lærdal er hovudpoenget med Tataki-kaféane.
TATAKI: Å få på plass ein utviklingskultur i Lærdal er hovudpoenget med Tataki-kaféane.

– Suksessrike kommunar satsar ikkje på alle

Oppsummert kunne Fredheim fortelja at eldsjeler, personlege nettverk, utviklingskultur, og eit tillitsfullt og tett samarbeid mellom kommunane og næringsliv betyr meir for nærings- og samfunnsutviklinga enn pengar og organisering.

– Suksessrike kommunar satsar ikkje på alle - dei er heilt bevisste på nokre heilt spesifikke mål dei skal nå.

Deltakarane på Tataki-kafèen fekk også i oppgåve å gje karakterar på kor tillitfullt samarbeidet faktisk er mellom verksemdene på den eine sida og mellom verksemder og kommunar på den andre sida.

Deltakane sat i seks grupper av noko varierande storleik Når det gjaldt tillit mellom verksemdene var dei fleste gruppene einige om at tilliten er god - her kom det opp fire femmarar, ein 4,5 og ein trear. Dagleg leiar i Lærdal næringsutvikling, Arve Tokvam, sat på bordet som gav trearen:

 – Tillit handlar mellom anna om å møtast og snakka i lag - der føler me det er ein veg å gå enno. Me opplever at næringslivsaktørar knapt har snakka i lag trass at dei held til vegg i vegg. Det seier vel at tilliten ikkje er fullt utvikla.

Sprikande dom over tillit mellom næringsliv og kommune

Dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal, var av ein annan oppfatning:

– Me diskuterte femmar eller seksar, men har som prinsipp å ikkje gje seksar, så det blir fem. Me føler det er veldig god tillit mellom næringslivsaktørar i Lærdal.

DOMMEN: Dei raude kryssa syner kva deltakarane meiner om tilliten mello næringslivsaktørar og kommunen, medan dei blåe kryssa syner dommen over tilliten næringslivsaktørane mellom.
DOMMEN: Dei raude kryssa syner kva deltakarane meiner om tilliten mello næringslivsaktørar og kommunen, medan dei blåe kryssa syner dommen over tilliten næringslivsaktørane mellom.

Når det kjem til tillit mellom næringslivet og kommunen var dommen vesentleg meir sprikande. Her gav gruppene ein toar, ein 2,5, ein trear, ein firar og to femmarar. Deltakarane hadde litt ulike forklaringar og innfallsvinklar her, men drivar av Laksen Pub og Restaurant og Norsk Villakssenter, Dariusz Baran, sa det enkelt:

– It can be better.

Fredheim frå Distriktssenteret fortalde at lågare tillit mellom næringslivsaktørar og kommune kontra næringslivsaktørar mellom er typisk.

– Så resultatet undrar meg ikkje.

Eit anna poeng som vart nemnd under Tataki-kaféen var at trass skral kommuneøkonomi, finst det bra med midlar for næringslivet.

– Me har faktisk god økonomi gjennom omstillingsprosjektet, så det er mogleg å få prosjektmidlar. Det me manglar i Lærdal er den store motoren dei til dømes har i  i Flåm, sa Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt.

Til toppen