Det var godt med folk som møtte opp til markeringa av 1. mai i Lærdal. Foto: Kristen Olav Grøttebø
Det var godt med folk som møtte opp til markeringa av 1. mai i Lærdal. Foto: Kristen Olav Grøttebø

God oppslutnad i Lærdal

Det er fleire år sidan det har vore så god oppslutnad kring 1. mai arrangementet i Lærdal.

I år, som tidlegare år, var det Fagforbundet, EL&IT, SV og AP som stod saman om å markere arbeidarane sin internasjonale kampdag i Lærdal.

Det heile starta med gudsteneste i Hauge kyrkje. Derifrå gjekk det tog til alders- og sjukeheimen der Lærdal Musikklag spela medan det vart delt ut roser til dei eldre. Toget gjekk så vidare til Storstova på Lærdalsøyri skule der om lag 70 personar var samla. Dei vart ønskt velkomne av leiaren i Lærdal AP Kristen Olav Grøttebø, og i tradisjonen tru song dei arbeidarane sine kampsongar. I år vart  ”Ta hverandre i handa og hold” og ”Seieren følger våre faner” sunge sterkare enn på lenge.

Lokale appellar – tale for dagen

Det var lokale appellar av Lærdal AP sin ordførarkandidat Kåre Mentz Lysne, SV sin fylkes- og kommunepolitikar Jan Olav Fretland og leiar i Fagforbundet Jan Steinar Hole. Alle tre hadde gode, engasjerande appellar der dei var innom arbeidsmiljølova, lokaldemokrati, miljø og internasjonal solidaritet.

Hovudtalar for dagen var Arbeidarpartiet sin ungdomspolitikar og fylkestingsrepresentant Torbjørn Vereide. Han tok for seg kva forfedrane  våre har kjempa fram, og resultatet av det arbeidet som i dag gjev seg til kjenne i arbeidsrettigheiter og velferdsordningar. – Dette er verdiar som Høgre og Framskrittspartiet no er i ferd med å rive ned. Dei byggjer ned det dei mange har bygd opp, seier Vereide. 

LES OGSÅ: Markering av 1. mai i Årdal

Då 1. mai var ”grommare” enn 17. mai

Ingebrigt W. Gjerde, ”Didde”, fortalde om korleis det var å feire 1. mai då han var ”gutonge”. Han fortalde at dei  fekk sine fyrste tøysko til denne dagen og gjekk med små raude vimplar med kvit hammar på. Han hadde med seg to slike vimplar og sa at på den tida var det ”grommare” med 1. mai enn 17. mai. Han fortalde og nokre historiar frå den tida, noko folk sette pris på.

Artikkelen held fram under biletet.

Ingebrigt W. Gjerde på talarstolen

Kr. 5.000,- til Røde Kors

Under samkoma vart det selt lodd for kr. 5.000,-. I appellen sin tok leiar i Fagforbundet , Jan Steinar Holen, opp naudhjelpa til Nepal og den innsatsen som lærdølen Åge Bøyum gjer. Ikkje før er han heime frå dei ebola-råka områda så reiser han til Nepal.  Det vart applaus då det spontant vart bestemt at dei innkomne kr 5.000 skulle gå til Røde Kors.

LES OGSÅ: På veg til Nepal for å hjelpe etter jordskjelvet

Til toppen