GOD START: Soppkontrollane er tilbake og skogen bognar av piggsopp, kantarellar, fåresopp og steinsopp. Foto: Flickr/Aslak Raanes.
GOD START: Soppkontrollane er tilbake og skogen bognar av piggsopp, kantarellar, fåresopp og steinsopp. Foto: Flickr/Aslak Raanes.

God start på soppsesongen

Soppkontrollane er tilbake og skogen bognar av piggsopp, kantarellar, fåresopp og steinsopp – for mange den aller gjævaste fangsten.

Indre Sogn: – Det er først og fremst smaken som gjer den så spesiell. Den er stor, kjøttfull og veldig anvendeleg, seier styreleiar Johs. Kolltveit i Norges sopp- og nyttevekstforbund til NTB.

Enkelte år er det nesten ikkje steinsopp å finne. Andre år finst den i store mengder.

– Det var eit skikkeleg steinsopp-år for tre år sidan, og det ser ikkje så verst ut i år heller, seier Kolltveit.

Gode råd

Kombinasjonen av varm føresommar og fuktig skuleferie lovar godt for soppentusiastar som Kolltveit.

– Det er berre å komme seg ut og gå på skattejakt i skogen, seier han.

Kolltveit anbefaler nybegynnarar å slå følgje med meir erfarne soppsankarar for å lære korleis ein finn sopp – og ikkje minst kva ein skal halde seg unna.

– Det aller viktigaste rådet eg kan gi, er å aldri ha sopp du ikkje kjenner oppi gryta, seier han.

Kolltveit anbefaler at ein lærer seg korleis fire-fem gode matsoppar ser ut og i starten held seg til dei. Steinsopp, piggsopp og kantarell er enkle og trygge val, meiner han.

Kontroller

I mange år har Norges sopp- og nyttevekstforbund halde soppkontrollar ved populære turstadar rundt om i landet. Men i fjor var det stopp. Manglande løyvingar var forklaringa.

– Det var ikkje først og fremst kostnadane ved sjølve kontrollane i seg sjølv, men finansieringa av det grunnleggjande organisasjonsarbeidet vårt som var problemet. Det kostar pengar å halde oppe eit system med kurs, etterutdanning, eksamen og sertifisering av soppkontrollørar, seier Kolltveit.

Etter sju år utan offentleg støtte kom det igjen pengar til soppkontrollar over statsbudsjettet for i år. Dermed kan usikre sankarar igjen få hjelp til å vurdere kva det er dei eigentleg har plukka med seg frå skogen. (©NPK)

Til toppen