BETRE: Dei siste tjue åra har tannhelsa blant barn og unge generelt sett blitt betre. Illustrasjonsfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
BETRE: Dei siste tjue åra har tannhelsa blant barn og unge generelt sett blitt betre. Illustrasjonsfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

God tannhelse blant barn og unge i Sogn og Fjordane

Medan 23,6 prosent av 18-åringane på landsbasis ikkje har hatt hol i tennene, er talet for 18-åringane i Sogn og Fjordane 27 prosent. Det er fem prosent fleire enn i 2005.

I 2005 hadde 22 prosent av 18-åringane i fylket levd eit liv utan tannlegebor og fyllingar. Elleve år seinare har tannhelsa betra seg, og 27 prosent har aldri hatt hol. Dette syner tal frå Statistisk sentralbyrå, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Utviklinga for femåringane og tolvåringane i Sogn og Fjordane har vore endå betre. I 2005 hadde 75 prosent av femåringane aldri hatt hol i mjølketennene sine. I 2016 var talet 82 prosent. Blant tolvåringane var 52 feilfrie i 2005 og 64 prosent i 2016.

I og med at dei yngste aldersgruppene har ei så positiv utvikling, er det grunn til å tru at utviklinga blant 18-åringane vil betre seg endå meir i åra framover. Det er naturleg at femåringane har betre tannhelse enn tolv- og 18-åringane, i og med at karies (hol i tennene) er ein sjukdom som utviklar seg over tid.

Dei siste tjue åra har tannhelsa blant barn og unge generelt sett blitt betre. Det er no ein større del utan hol i tennene, det er færre som har mange hol, og gjennomsnittleg har talet på hol i tennene gått ned. Utviklinga har vore spesielt positiv blant 18-åringar.

Til toppen