LÅGARE SJUKEFRÅVER: Pila for sjukefråver peikar rett veg i Lærdal kommune, skriv dei på si heimeside. Arkivfoto.
LÅGARE SJUKEFRÅVER: Pila for sjukefråver peikar rett veg i Lærdal kommune, skriv dei på si heimeside. Arkivfoto.

God utvikling i sjukefråveret

Sjukefråveret i Lærdal kommune viser rett utvikling.

Lærdal: Ifølgje tal frå 31. juli, som blei presentert for administrasjonsutvalet førre veka, peikar pila rett veg når det gjeld sjukefråveret i organisasjonen.

Det skriv kommunen på si heimeside. Ifølgje kommunen er det særleg tenesteområdet pleie og omsorg som utmerkar seg. Dette er ei teneste med mange tilsette, og per 31. juli var den på 7,7 prosent mot 12,2 prosent i fjor.

På tenesteområdet oppvekst er fråværsprosenten 6,9. Dette er same prosentsats som fjoråret på same tid. Teknisk har også ei god utvikling samanlikna med fjoråret med ein nedgang på 1,3 prosent til 8,1 prosent frå i fjor.

– Det har vore ei bevisst jobbing med sjukefråveret i organisasjonen det siste året, seier organisasjons- og personalleiar Reni Herland.

– Mellom anna er det gjennomført to sjukefråværsprosjekt saman med NAV Arbeidslivssenter; eit i Lærdalsøyri Barnehage og eit i Heimetenesta. Alle tilsette i kommunen har fått utdelt brosjyre om kva som skjer «Dersom du vert sjuk» , og det skjer tett oppfølging frå leiar si side, ofte i samråd med behandlar, bedriftshelseteneste og NAV.

Til toppen