MOTVIND: Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal i MOTVIND Sunnfjord og Ytre Sogn, ytrar seg i dette innlegget.
MOTVIND: Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal i MOTVIND Sunnfjord og Ytre Sogn, ytrar seg i dette innlegget. (Illustrasjonsfoto: Flickr/Susanne Nilsson)

MEININGAR

«Godaste statsministar Solberg, statsrådar Sanner og Bru»

– Vi for vår del ynskjer at statsministaren og statsrådar ikkje legg seg flate for smisking, men ser at vindkraftutbygginga eigentleg er heilt ute av kontroll og trakkar inn bremsane, skriv Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal i MOTVIND Sunnfjord og Ytre Sogn.

Meiningar: «Godaste statsministar Solberg, statsrådar Sanner og Bru»

Dette er innleiinga til Øyvind Isachsen, administrerande direktør i NORWEA, lobbyorganisasjonen for vindkraftforkjemparane, i eit skriv til dei tre politikarane.

«I en krevende tid for Norge henvender vi oss til dere for å be om målrettede og kraftfulle grep som kan bidra til å bremse den negative effekten koronaviruset og oljeprisfallet har på norsk økonomi».

MOTVIND: Einar Rysjedal, nestleiar i MOTVIND Sunnfjord og Ytre Sogn. Foto: Privat

Og kva er svaret? Jo, sjølvsagt å sette fullt trykk på vindkraftutbygginga rundt om i landet. Eller som dei skriv:

«Ved å sørge for forsvarlig, men rask saksbehandling kan flere igangsette byggingen av konsesjonsgitte vindkraftprosjekter kan virksomheter og arbeidsplasser i Norge reddes».

Lokalsamfunn blir overkøyrt

Som om det nokon gong har vore ei forsvarleg saksbehandling av vindkraftprosjekt. Vi kan berre sitere to-tre setningar i Kommunenes Sentralforbund sitt innspel til ny konsesjonsbehandling av vindkraft: «Vindkraft på land i Norge krever i dag mer areal enn industri, byer og tettsteder til sammen. Unntaket fra normale planprosesser gir store utfordringer knyttet til demokrati, tillit og legitimitet for beslutninger.»

Og eit lite klipp til: «Privatrettslige avtaler inngås uten åpenhet. Store beslutninger med allmenn interesse tas av få personer uten en grundig og opplyst debatt».

Det vi ser, er at lokalsamfunn vert overkøyrt og natur rasert, ofte stikk i strid med miljøfaglege innvendingar. Fuglar, dyr, insekt og planter misser leveområde i stadig større tempo i Norge så vel som i andre land, mot FN sine klare åtvaringar. At ville dyr blir pressa saman på stadig mindre areal vert i desse dagar sett på som ei forklaring på koronapandemien som har utløyst den største krisa i verdsøkonomien nokon gong.

MOTVIND: Ingunn Kjelstad, leiar i MOTVIND Sunnfjord og Ytre Sogn. Foto: Privat

Det bryr ikkje Norwea seg om. No blir krisa brukt for alt den er verdt for å sette fortgang på raseringa og nedbygginga av urørt norsk natur. Administrerande direktør Isachsen finn det også verdt å understreke at ein stor del av vindkraftaktørane sine investeringene er utenlandsk kapital.

Vindkraftbygging ute av kontroll

Den verdsomspennande pandemien er sjølvsagt svært alvorleg. Det same er krisa for entreprenørar og alle andre som er råka av permitteringar og ordretørke. Men den evige verdien av natur, plante- og dyreliv kan ikkje settast opp mot ei økonomisk krise i det store bildet.

Paradoksalt er det nettopp rovdrift på dei naturlege verdiane som har ført til denne krisa. Medisinen mot krisa og ev. komande kriser, vil difor vere det motsette av Norwea sitt ønskje. Og kva vil Norwea gjere den dagen det ikkje er meir natur å gå laus på for å sysselsette entreprenørar og konsulentar?

Innspelet frå Norwea viser at for dei handlar alt om pengar og avkastning, og organisasjonen røpar fullstendig manglande respekt for lover, reglar og klagarane sine rettar når Isachen lokkar: «Vi er kjent med at kontrakter verdt flere hundre millioner kroner kan utløses ved positive beslutninger på klagesaker i Olje- og energidepartementet».

Nettopp. OED må berre avslå klagene og få utløyst kontrakter. Korleis går det i hop med forsvarleg behandling?

«Vi ønsker å berømme Regjering og Storting for handlekraften så langt i møte med krisen», rosar Øyvind Isachsen og verkar ubehageleg sikker på at han vil få ønska sine oppfylte.

Vi for vår del ønsker at statsminister og statsrådar ikkje legg seg flate for smisking, men ser at vindkraftutbygginga eigentleg er heilt ute av kontroll og trakkar inn bremsene. Meir enn nokon gong er det behov for eit kaldt hovud og eit varmt hjarte. Også på vegner av ein natur som vi aldri får igjen og som blir intenst forsvart av innbyggarar som ser kva verdi den har både i det små og store bildet.

Til toppen