GODE RESULTAT: Berre Akershus fylke hadde betre eksamensresultat enn Sogn og Fjordane på dei vidaregåande skulane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
GODE RESULTAT: Berre Akershus fylke hadde betre eksamensresultat enn Sogn og Fjordane på dei vidaregåande skulane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Gode eksamensresultat i fylket

Eksamensresultata i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane utmerka seg nasjonalt.

Årdal/Lærdal: Skulane i Sogn og Fjordane har generelt hatt gode eksamensresultat, og for dei vidaregåande skulane er trenden den same i 2015.

Sogn og Fjordane-elevane utmerka seg i nasjonal samanheng med dei gode resultata.

Elevane her i fylket ligg på topp i ni av dei totalt 30 faga med sentral eksamen og sentral sensur – med til saman 1000 kandidatar på landsplan, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

For vårt fylke er det i spesielt tre fag elevane gjer det godt, og det er i norsk, praktisk matematikk og rettslære. I tillegg er det særleg gode resultat i matematikk påbygg.

– Når me ser eksamenar i alle faga under eitt, er Sogn og Fjordane det fylket med nest beste eksamensresultat, berre slått av Akershus, heiter i pressemeldinga.

Til toppen