OPPLØFTANDE START: Fabrikksjef Wenche Eldegard seier gunstige valutakursar bidrog til dei positive tala.
OPPLØFTANDE START: Fabrikksjef Wenche Eldegard seier gunstige valutakursar bidrog til dei positive tala. (Øyvind Breivik)

Overskot i Årdal, trass kutt i produksjonen og låge metallprisar

Hydro-tala i Årdal gir grunn til å smila, men fabrikksjef Wenche Eldegard meiner ein svekka marknad gjer det naudsynt å ta grep framover.

Årdal: Framgangen held fram for Hydro i Årdal, som onsdag presenterte eit overskot på 121 millionar kroner før renter og skatt dei første tre månadane av året.

I fjor hadde metallverket i Årdal eit underskot på 102 millionar kroner, men året vart avslutta med 62 millionar i pluss fjerde kvartal.

– Me opplever lågare produksjonsvolum dette kvartalet som følgje av ein svekka marknad i Europa. I tillegg har me sett låge metallprisar, men dette har blitt utlikna, spesielt den siste månaden, av gunstige valutakursar for oss. Lågare volum og låge metallprisar er noko me ser vil fortsetta framover, og me gjer no tiltak for å avgrensa den negative økonomiske effekten dette vil føra med seg, seier fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding.

Startar opp nedstengt linje

I aluminiumsproduksjonen er det avgrensa kor mykje du kan justera volumet på kort sikt. Fabrikksjefen seier dei difor må laga andre produkt til lågare prisar enn dei vanlegvis ville akseptert.

Ei linje som har vore stengt dei siste åtte åra blir no starta opp att for å produsera ulegert metall. 

– Denne vil kunna erstatta legert med ulegert volum og dermed sørga for at metallverket framleis kan produsera det same elektrolysevolumet som tidlegare. Dette gjer me for å vera fleksible, og i større grad ha høve til å justera produksjonen etter svingingane i marknaden, sier Eldegard i pressemeldinga.

– Det blir eit krevande år for heile industrien, men desto viktigare å ha stabil og god drift i anlegga og fokusera på dei faktorene som me kan påverka. Marknad og prisar ligg utanfor vår kontroll, så me må rusta oss for å levera der det er utsikter til det, seier ho.

Slutt på farlege kranløft

Når det gjeld andre sider av drifta i Årdal, løftar fabrikksjefen fram ei ny logistikkløysing for transport av aluminium fra Årdal til Amsterdam.

I staden for å løfta med kran, som har vore metoden dei siste 40 åra, blir lasten no køyrd ombord i skipa med truck og terminaltraktor.

– Me har dermed eliminert ein arbeidsoperasjon med høg risiko. Ei stor omstilling for operatørane på logistikkavdelinga, som dei har handtert med glans, seier fabrikksjefen.

Nye tappevogner på plass

I mars fekk elektrolysen tre nye tappevogner, noko som blir karakterisert som ei stor investering for verket.

Leveringstida for slike vogner er på rundt eitt år, så leveransen var etterlengta. 

– Dei nye tappevognene skal bidra til at me blir endå meir effektive både operasjonelt og økonomisk. Me testar dei i drift, og har opplæring på dei nye køyretøya no, seier Eldegard.

 

Til toppen