BART OG VÅTT: Har du tenkt deg ut på vegen søndag, treng du iallfall ikkje å tenkja på at det er glatte vegar å uroa seg over på fjellovergangane. Foto: Webkamera/Statens vegvesen. 
BART OG VÅTT: Har du tenkt deg ut på vegen søndag, treng du iallfall ikkje å tenkja på at det er glatte vegar å uroa seg over på fjellovergangane. Foto: Webkamera/Statens vegvesen. 

Gode køyreforhold over fjella

Det forholdsvis varme vêret gjer det uproblematisk å reise over fjellet.

Årdal/Lærdal: Etter nokre dagar med kaldt vêr har plussgradene verkeleg aukt på, og det gir gode køyreforhold på fjellovergangane i fylket for dei som anten skal austover eller tilbake.

På E16 over Filefjell var det i morgontimane søndag 7 grader og bart og vått. Søndag er det også opphald i vegarbeidet som foregår både her og i Lærdalstunnelen.

På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er vegmeldinga den same. Her bles det derimot til stiv kuling.

Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin går det i dei same prognosane. Ein kan også ta med at vegstenginga i Midnestunnelen er over, så ein treng ikkje lenger å tenkje på trafikklysa her.

Til toppen