Gode køyreforhold over fjella

Gode køyreforhold over fjella

For mange er dette dagen då ferien tek slutt og ein skal køyre heim, og i dag er vêrgudane på bilistane si side.

Statens Vegvesen kan melde om fleire opne fjellovergangar og fine køyrefohold på det som for mange er feriens siste dag. 

Dersom du skal køyre Ev 16 Filefjell kan du vente deg ein fin og open veg, med delvis snø- og isdekke. Klokka 06:30 meldte Statens Vegvesen om -15 grader, laber bris og lette snøbyger.

Om du skal køyre Rv 52 Hemsedalsfjellet, kan du også vente deg ein fin og open veg med delvis snø-og isdekke. Klokka 09:30 meldte Statens Vegvesen om -14 grader, liten kuling og snøbyger.

Dersom du planlegg turen over Fv 53 Tyin - Årdal treng du ikkje vente lenger, vegen er no opna for trafikk etter oppryddingsarbeid. Statens vegvesen meldte klokka 10:00 om snø-og isdekke, -15 grader, lett bris og opphaldsvêr

Om du derimot planlegg å køyre Fv 50 Hol - Aurland må du vere obs på at denne vegen kan bli stengt på kort varsel. Her er der snø- og isdekke og stadvis redusert sikt. Klokka 09:00 meldte Statens vegvesen om -9 grader, frisk bris og snøbyger. 

Til toppen