HYGGE: Brukarane ved Lærdal bu-og omsorgsheim hyggar seg rundt bålpanna Tønjum Grendalag har sponsa. Foto: Johanne Cirotzki
HYGGE: Brukarane ved Lærdal bu-og omsorgsheim hyggar seg rundt bålpanna Tønjum Grendalag har sponsa. Foto: Johanne Cirotzki

– Gode krefter betyr kjempemykje

Tønjum Grendalag er ikkje knipne på pengane; dei siste vekene har dei sponsa ein hjartestartar og ei bålpanne på bu- og omsorgsheimen, pluss ein projektor på ungdomsklubben.

Lærdal: – Dei er heilt unike og har ei slik velvilje. Sakshandsamingstida er ikkje lang der, seier Brita Einemo, kjøkensjef ved Lærdal bu- og omsorgsheim.

Ho sendte ein søknad til Tønjum Grendalag om å sponsa innkjøp av ein hjartestartar. Den er lokalisert ved bu- og omsorgsheimen, men også tilgjengeleg for Lærdalsøyri barnehage og brukarane på fotballbana, som begge ligg kloss ved.

– Det betyr kjempemykje. Alt som fører til desse pengane gjer dei på dugnad, og det er stort sett berre pensjonistar i grendalaget. Eg trur også me blir meir og meir avhengige av slike frivillige krefter, seier Einemo.

Les også: Basarpengane går til MR-maskina

– Både eldre og tilsette kan jo få hjartestopp

Artikkelen held fram under biletet

TRYGGLEIK: Kjøkensjef Brita Einemo ved Lærdal bu- og omsorgsheim med den nye hjartestartaren.
TRYGGLEIK: Kjøkensjef Brita Einemo ved Lærdal bu- og omsorgsheim med den nye hjartestartaren.

Hjartestartaren kosta 20 000 kroner og er så enkel å nytta at kven som helst kan operera den.

– Er det ikkje litt rart at det ikkje før har vore ein hjartestartar ved ein heim med mykje eldre bebuarar?

– Det har aldri vore tenkt på eller snakka om før. Men no har me den, altså. Og det kan jo både vera eldre her som får hjartestopp, eller det kan vera tilsette her, i barnehagen eller nokon på fotballbana. Då er altså vegen kort til hjartestartaren.

I tillegg til hjartestartaren har Tønjum Grendalag tidlegare også sponsa nytt bestikk på heimen. Og nyleg gav dei også pengar til ei bålpanne. 

– Det var det same der; eg ringde og dei bestemte seg fort for å sponsa denne - til hygge for dei eldre.

– Dei kom og spurde om det var noko me trengde

Og Tønjum Grendalag sponsar på ingen måte berre eldre; på Kosen ungdomsklubb har ungdomane fått ein sprett ny projektor

– Ungdommane brukar den til Playstation. Det går mykje i Guitar Hero, seier Lise Cirotzki ved Kosen Ungdomsklubb.

– Så ser me av og til fotballkampar på den, legg Per Gjesdal (15) til.

Projektoren kosta 6 500 kroner. Og Grendalaget ville gje meir.

– Dei kom og spurde om det var noko me trengde. Me kunne få det me ville for 10 000 kroner. Så då fekk me eit lerret også. Det brukar me til den gamle projektoren oppe. For me er ofte borti sytti ungdommar her, og då vart det fort kø når me berre hadde ein, seier Cirotzki.

Les også: Opna ny huske før lagnadshausten

Artikkelen held fram under biletet

GLADE: Lise Cirotzki (t.v.), ein av dei som driv ungdomsklubben og to av ungdommane som nyttar klubben, Per Gjesdal og Marie Partenyi, er godt nøgde med å ha fått projektoren som heng frå taket bak dei frå Tønjum Grendalag.
GLADE: Lise Cirotzki (t.v.), ein av dei som driv ungdomsklubben og to av ungdommane som nyttar klubben, Per Gjesdal og Marie Partenyi, er godt nøgde med å ha fått projektoren som heng frå taket bak dei frå Tønjum Grendalag.

– Dei gir jo vekk alt dei har

Den populære klubben fyller 30 år om ein månad og er husa i Gamleskulen på Øyri. Klubben har blitt freista flytta av kommunen grunna tilstanden til bygget. Men ungdommane vil helst vera der dei er.

– Det er dette som er Kosen, seier Gjesdal.

– Litt måling trengst, men det kan me ta på dugnad, seier Cirotzki.

– Då trur eg nesten alle hadde stilt opp, seier Gjesdal.

Men takka vera grendalaget har dei i alle fall fått ny prosjektor.

– Dei gir jo vekk alt dei har. Det er ikkje alle som tenkjer på ungdomsklubben. Men dei er noko tråe å få til å stilla opp på bilete, ler Cirotzki som har prøvd å fått nokre av medlemmane til å stilla på bilete eit par vekers tid.

Difor inneheld heller ikkje denne artikkelen nokre bilete av dei gode kreftene på Tønjum - som får mykje av inntektene sine gjennom basaren dei held kvar haust.

Les også: Her var det smekkfullt – måtte sitja på gangen

Til toppen