LENGER OPE: Friluftsbassenget i Øvre Årdal held ope i to veker ekstra denne sommaren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LENGER OPE: Friluftsbassenget i Øvre Årdal held ope i to veker ekstra denne sommaren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Gode nyheiter for badeglade årdøler​

Endeleg kom finvêret til Indre Sogn, og då passar det perfekt at friluftsbassenget i Øvre Årdal held ope ekstra lenge denne sommaren.

Øvre Årdal: Timinga på finvêret kunne eigentleg ikkje vore verre. Etter fleire veker med regn og kalde temperaturar kom omsider sola – akkurat då skulen starta opp att og friluftsbassenget vanlegvis skal stengjast.

Men i år er det endring i planane. Badeglade årdøler og turistar kan no ta seg ein ekstra dukkert før haustlauva byrjar å falle frå trea.

– I første rekke fordi Jotun ønskte at det skulle haldast ope til ei fotballturnering som skal vere her den 28. august. Det har me gitt dei lov til, så då driftar me bassenget fram til då, seier idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland.

FEKK KJEFT: I fjor fekk Arne Hovland og Årdal kommune kjeft for å stengje friluftsbassenget akkurat då finvêret kom, men i år held dei ope to veker ekstra. Arkiv
FEKK KJEFT: I fjor fekk Arne Hovland og Årdal kommune kjeft for å stengje friluftsbassenget akkurat då finvêret kom, men i år held dei ope to veker ekstra. Arkiv

Ope på ettermiddagane

Også i fjor kom finvêret akkurat då skulen starta og bassenget vanlegvis stengjer. Då fekk kommunen litt kjeft av ivrige badegjester.

– Me har hatt dialog med skulane, så dei nyttar seg av bassenget ute så lenge det er ope. Dessutan vart det jo fint vêr, så då er det ikkje så gale. Det er mange som er nøgde med dette, held Hovland fram.

Bassenget opnar på ettermiddagane etter skuletid, medan i helgene vert det opna tidlegare på dagen.

Utsett opning av innebassenget

Det utgjer ein ekstra utgift å drifte ut august, men dette vil dei hente inn att når innebassenget opnar, meiner Hovland. Opninga her blir no utsett i nokre veker sidan friluftsbassenget er ope. På Årdalstangen derimot er friluftsbassenget stengt.

– Me er fullstendig avhengig av badevakter, og dette har vore skuleelevar, så på Årdalstangen har me ikkje moglegheit til å ha ope, medan i Øvre Årdal nyttar me dei to faste som jobbar hjå oss.

Få besøk på Årdalstangen

Vêret har sjølvsagt sett sitt preg på besøkstala i sommar. Hovland har ikkje oversikt over tala i Øvre enno, men seier det har vore labert med besøk på Årdalstangen.

– Det ligg på nett i underkant av 1300 besøkande og 50 000 i inntekter. Det er veldig lågt, fortel han.

Til toppen