Foto: Arkiv.
Foto: Arkiv. (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Gode nyhende for støyperia i Årdal

Ny teknologi er på veg inn i Tya støyperi i Øvre Årdal og skal ferdigstillast i fyrste kvartal 2016. Om alt går etter planen, skal og PFA-støyperiet starta opp att ved årsskiftet 2015/2016.

Ein oppstart av PFA-støyperiet i Årdal er førebels ikkje godkjend av Hydro, men Egil Fredriksen, fabrikksjef ved Hydro i Årdal, fortel til Porten.no at dette skal dei få til innen byrjinga av 2016. 

Artikkelen held fram under biletet.

LYSE FRAMTIDSUTSIKTER: Egil Fredriksen, fabrikksjef ved Hydro i Årdal, meiner framtida ser lys ut for industribygda. 
LYSE FRAMTIDSUTSIKTER: Egil Fredriksen, fabrikksjef ved Hydro i Årdal, meiner framtida ser lys ut for industribygda. 

Gode produksjonsbetingelsar

På onsdag var det medlemsmøte i Årdal Næringssamskipnad, og Egil Fredriksen fortalde om framtidsutsiktene til Hydro, både frå eit lokalt og eit internasjonalt perspektiv. Det var under dette møtet Fredriksen ytra sine tankar om PFA-støyperiet i Øvre Årdal.

Kvifor vil de starte opp att det nedlagde støyperiet?

– Me kjem til å kunne produsera mykje billegare enn før, difor oppstart. 

For å få i gong att støyperiet er det naudsynt med fleire tilsette, og Fredriksen seier at det skal lysast ut stillingar både internt og eksternt. 

Fabrikksjefen imponert

For omlag eitt år sidan kom nyhenda om at Hydro investerar i ny støypeteknologi i Årdal og Høyanger. 

No byrjar tida og nærma seg, og Fredriksen nemnde denne investeringa på møtet med næringsamskipnaden på onsdag. 

Med ein ny type teknologi vert Tya støyperi rusta til å handtere etterspurnaden etter avanserte produkt, som i all hovudsak kjem frå bilindustrien. Men støyperiet i Årdal har klart å produsere det marknaden har krevd trass eldre og lite eigna teknologi. 

– Det tykkjer eg er imponerande, seier Fredriksen.

Snudd

Han er særs positiv til utviklinga, men påpeikte samstundes at ei bedrift si vilje til å investere i sine fabrikkar, ikkje kjem gratis. Hydro i Årdal har tidlegare trøbla med høge tal på skadestatistikken. Han forklarte vidare at dårlege skadestatistikkar vert samanlikna med dårleg kvalitet, og i nokre tilfeller kan dette vere utslagsgjevande for investeringsplanar.

– Fortida har vore dårleg, men no er vi gode, seier Fredriksen. Han legg til at det ikkje er så mange år sidan dei fekk skikk på desse statistikkane.

Til toppen