POSITIVT: Konsulent Geir Myklebust kunne fortelja om ei god utvikling for handelsnæringa i Årdal under samlinga i regia av Årdal Utvikling denne veka. Han peika også på sommarhandelen som det største vekstpotensialet. Foto: Ole Ramshus Sælthun
POSITIVT: Konsulent Geir Myklebust kunne fortelja om ei god utvikling for handelsnæringa i Årdal under samlinga i regia av Årdal Utvikling denne veka. Han peika også på sommarhandelen som det største vekstpotensialet. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Arkiv)

Gode tal for handelsnæringa i Årdal

Trass nedgang i folketal i Årdal ligg auken i handelen frå 2015 til 2016 an til å overgå landssnittet.

Årdal: - Det er godt gjort av dykk i handelsnæringa å få slik vekst når folketalet går ned. Gjennomsnittsveksten ligg høgare på nesten alle områder enn landssnittet, noko som betyr at de har fått folk til på handla meir enn før, sa konsulent Geir Myklebust då han la fram status for handelsnæringa i Årdal under samlinga Årdal Utvikling arrangerte denne veka.

For det ligg an til mellom 2,6 og 3,5% vekst i handelsnæringa frå 2015 til 2016. Landssnittet ligg på 2,6%. Og som kjent blir det fleire folk i landet Noreg, medan talet på årdøler har gått ned kvart år siste femtenårsperioden.

- Tala frå julehandelen er ikkje klare enno, og desse vil avgjera om ein kjem på, litt over eller godt over landssnittet. Har det vore vekst i julehandelen, kjem ein over, sa Myklebust.

Klede, sko og anna faghandel har teke leiinga frå daglegvarer

Spesielt er det segmentet Myklebust omtalar som "lettare faghandel" som har gjort det bra, det vil seia klede, sko og liknande - stort sett alle butikkane på Årdalssenteret.

- Før var det daglegvarer som var motoren, no er det faghandelen. Så daglegvarer har ei utfordring med å koma seg oppatt.

Men det finst framleis potensial for vekst, i følgje Myklebust. For, medan handelen er definitivt størst på sommaren i Aurland, til dels også i Lærdal, er det framleis desember og julehandel som står sterkast i Årdal.

Skal ein nærma seg nabokommunane på sommarhandel, må ein få fleire turistar til å stoppa i bygda - og dei bør helst bli verande ei stund.

Les også: Skal stoppa turistar ved å skapa liv på torget

- Får ein fleire til å overnatta, lever dei også meir i samfunnet

- Det er 230 000 turistovernattingar i Aurland, Årdal og Lærdal til saman på eitt år, men berre 15 000 av desse er i Årdal. Der ligg ei utfordring. Får ein fleire til å overnatta, lever dei også meir i samfunnet - og handlar meir.

Nøkkjelen ligg i å finna sitt konsept, laga ein god infrastruktur som heng i hop og skapa liv og røre. 

- Når turistane er her, må dei få vita kva som skjer. Det bør skje events heile tida. Ein kan ha faste marknadsdagar.  Kulturevents og marknadsevents samstundes er ofte ei god oppskrift.
 

Til toppen