OPEN DAG: Søndag arrangerte Tangen Kjøre- og Rideklubb open dag på anlegget i Seimsdalen, der mellom 150 og 200 menneske var innom. Foto: Malin Hovland.
OPEN DAG: Søndag arrangerte Tangen Kjøre- og Rideklubb open dag på anlegget i Seimsdalen, der mellom 150 og 200 menneske var innom. Foto: Malin Hovland.

Gode tilbakemeldingar freista til gjentaking

Då Tangen Kjøre- og Rideklubb arrangerte open dag i fjor, var tilbakemeldingane så gode at dei fann ut at dette vil dei satse på.

Seimsdalen: Difor inviterte klubben til open dag søndag, der mellom 150 og 200 personar besøkte stallen i Seimsdalen i løpet av dagen.

– Når det er open dag, er det runderidning, eller ein kan vera i stallen og pussa hest. I tillegg har me kiosksal og loddar ut små premiar. Det var masse folk her, seier Sigrid Røneid, som er kasserar i Tangen Kjøre- og Rideklubb.

Det var i samband med at Norges Rytterforbund var 100 år i fjor at klubben arrangerte open dag. 

Artikkelen held fram under biletet.

GODE TILBAKEMELDINGAR: Tilbakemeldingane på arrangementet var så gode at dette freista til gjentaking.
GODE TILBAKEMELDINGAR: Tilbakemeldingane på arrangementet var så gode at dette freista til gjentaking.

– Då fekk me så gode tilbakemeldingar at me har bestemt oss for at dette vil me gjera fleire gonger. Det har blitt veldig godt motteke, fortel ho vidare.

Godt anlegg i Seimsdalen

Anlegget i Seimsdalen er godt tilrettelagt for slike arrangement sidan ting ligg nære kvarandre, det er eit kompaktanlegg. Det hauster dei mykje ros for når andre besøker anlegget i samband med stevne. Anlegget er eigd av klubben og vert drive på dugnad. 

HELSTE PÅ: Her fekk ungane helse på hestane og ri.
HELSTE PÅ: Her fekk ungane helse på hestane og ri.

Rideklubben har to klubbhestar som står disponible til utleigeriding og timeavtalar, og det er mange ivrige hestejenter som har klubbhestane på timeavtalar kvar veke. Då er dei på ridetur og køyrer mest hest og kjerre. 

Bra hesteinteresse

I tillegg er det åtte andre hestar på stallen. Her er både konkurransehestar og turhestar, og klubben er stolte over å ha ekvipasjar som skal starte NM for fjordhest til sommaren.

– Dette er jo ein sport, og hesteinteressa i Årdal er bra. Me er rundt 100 medlemmar i Seimsdalen. I tillegg er det ein del hestar i Øvre Årdal og Lærdal også. Desse kjem ofte til Seimsdalen for å trene hjå oss.

Til toppen