UTGIFTER: «Brannen i Lærdal var ein katastrofe med nasjonale dimensjonar. Hendinga sette kommunen i ein unntakssituasjon, og vart svært utfordrande med omsyn til kapasitet. Andre oppgåver måtte utsetjast, og utgiftene til desse oppgåvene måtte kommunen ta over drifta på eit seinare tidspunkt», skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som grunngjeving for at dei har godkjent at deler av lønsføringane til rådmann og ordførar er belasta prosjektrekneskapen. Arkivfoto
UTGIFTER: «Brannen i Lærdal var ein katastrofe med nasjonale dimensjonar. Hendinga sette kommunen i ein unntakssituasjon, og vart svært utfordrande med omsyn til kapasitet. Andre oppgåver måtte utsetjast, og utgiftene til desse oppgåvene måtte kommunen ta over drifta på eit seinare tidspunkt», skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som grunngjeving for at dei har godkjent at deler av lønsføringane til rådmann og ordførar er belasta prosjektrekneskapen. Arkivfoto (Foto: Jan Christian Jerving)

Godkjenner at skjønnsmidlar blei brukt til løn

– Brannen i Lærdal var ei svært spesiell hending, skapte eit stort press på kommunen og det var behov for å ta raske avgjerder. Det er stundom krevjande å vurdera kvar skiljet mellom kva som er ekstraordinært og ikkje går, seier seniorrådgjevar Marit Lunde hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Lærdal: Innbyggjar i Lærdal og tidlegare ordførar Arne Sanden sendte ein e-post til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i september der han peika på ein del tilhøve rundt korleis lønsutgifter var førte i prosjektrekneskapen etter brannen i Lærdal i 2014.

Sanden har i fleire e-postar hevda at deler av dei faste lønsutgiftene til ordføraren og rådmannen i Lærdal er dekte av skjønnsmidlar kommunen fekk etter brannen, noko skjønnsmidlar i utgangspunktet ikkje kan nyttast til. I ein e-post datert 1.desember sendt til mellom andre Porten.no hevdar Sanden formuleringar i rådmannen sitt framlegg til 2017-budsjett understøttar dette:

«Det er kun i 2014 at oppsettet viser at rekneskapet har eit mindreforbruk i høve til budsjettet. Det er dette rådmannen no i budsjettdokumentet for 2017, som vart framlagt 24.nov, forklarar at skuldast "tilførsel av midlar til handtering av brann og flaum."  Då er det lett å forstå at dette har samanheng med at rådmannen har nytta betydelege delar av skjønnsmidlane etter brannen til å betale bl.a. faste lønsutgifter, som og var budsjettert i kommunen sitt ordinære driftsbudsjett for 2014.»

98 704 kroner førte som løn til ordførar og rådmann i akuttfasen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet bad i etterkant av e-posten dei mottok frå Arne Sanden i september om at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kom med ei utgreiing rundt desse lønsføringane. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sendte svar til departementet datert 21.desember. Der påpeikar dei at deler av løna til rådmann og ordførar er belasta prosjektrekneskapen etter brannen: 

«Samla dokumenterte utgifter i akuttfasen er 4 985 295 kroner. Av dette utgjer lønnsføringar 1 230 397 kroner. Akuttfasen er i tida når det brann og rett etter brannen. 

Ordinær lønn til ordførar og rådmann utgjer i akuttfasen samla 98 704 kroner. Denne summen er belasta prosjektet.

Attreisingsperioden er enno ikkje avslutta. Samla utgifter er førebels på totalt 4 715 555 kroner, og lønnsføringar utgjer kr 2 626 596 av dette.

I 2014 er attreisingsprosjektet belasta med 70 359 kroner som ordinære lønnsutgifter til rådmann. Det er ikkje ført ordinære lønnsutgifter til ordførar på dette prosjektet.»

Såleis slår Fylkesmannen fast at det totalt er ført i underkant av 170 000 kroner i ordinære lønsutgifter til rådmann og ordførar på prosjektet i samband med brannen, det vil seia at noko skjønnsmidlar er brukt til ordinære lønnsutgifter.

Fylkesmannen har tidlegare godkjent dette, noko seniorrådgjevar Lunde forklarar slik:

–Kriteriane frå staten når det gjeld skjønnsmidlar er at desse skal brukast på ekstraordinære utgifter.  Lønnsutgifter til overtid, vikarar og ekstrahjelp i samband med hendingar vert godkjende.  Så blir det eit spørsmål om kva som er ekstraordinære utgifter utover dette. Brannen i Lærdal var ei svært spesiell hending, skapte eit stort press på kommunen og det var behov for å ta raske avgjerder. Det er stundom krevjande å vurdera kvar skiljet mellom kva som er ekstraordinært og ikkje går. Me meiner at den summen er ført som lønn kunne sjåast på som ein del av dei ekstraordinære utgiftene når omstenda altså var så spesielle. 

«Svært utfordrande med omsyn til kapasitet»

Mot slutten av brevet til departementet frå Fylkesmannen står dette slik: «Fylkesmannen har godkjent lønnsføringar til tilsette i Lærdal kommune som ekstraordinære utgifter som følgje av brannen.»

Brevet utdjupar så kvifor dei i utgangspunktet ordinære lønsutgiftene bør kunne forsvarast som ekstraordinære utgifter i denne situasjonen:

«Brannen i Lærdal var ein katastrofe med nasjonale dimensjonar. Hendinga sette kommunen i ein unntakssituasjon, og vart svært utfordrande med omsyn til kapasitet. Andre oppgåver måtte utsetjast, og utgiftene til desse oppgåvene måtte kommunen ta over drifta på eit seinare tidspunkt.»

Brevet er signert seniorrådgjevar Lunde og fylkesmann Anne Karin Hamre, og ber avslutningsvis om departementet sitt syn på saka. 

«Vi ønskjer ei tilbakemelding frå departementet på om det har vore ei rett vurdering å godkjenne deler av lønnsføringane til ordførar og rådmann som ekstraordinære utgifter.»

Seniorrådgjevar Lunde forklarar at dersom departementet underkjenner føringane av lønsutgiftene, må kommunen tilbakeføre summen som ein del av prosjektutgiftene og føre desse som ei ordinær lønsutgift i Lærdal kommune sitt rekneskap.

Til toppen