Årdal: Det er 137 millionar kroner høgare enn for same periode i fjor, går det fram av ei pressemelding frå banken.
Resultatauken skuldast høgare rentenetto, vekst i andre driftsinntekter og reduksjon i driftskostnadene. Kostnadane er redusert med 18 millionar på grunn av overgang frå ytelsespensjon til innskotsordning.
– Me vinn kampen om kundane i marknaden og har i 2016 ein vekst på 8,9 prosent i privatmarknaden. Banken har ein strategi på å vekse utanfor fylket, primært på dei kundane som har ein relasjon til Sogn og Fjordane, og det klarer me å følgje opp. Me er ein regional bank, men me er også ein nasjonal bank, seier Teigene.
Mange kundar utanfor definert marknad
43 prosent av kundeporteføljen til banken er i dag utanfor fylket.
– Me følgjer kundane når dei flyttar andre stader for å studere eller jobbe. Me ser også at me får fleire andre og tredje generasjons utflyttarar som kundar, og det er kjekt å sjå at relasjonen med banken blir vidareført, seier Teigene.
Bidragsytar i næringslivet
Også på bedriftsmarknaden har Sparebanken Sogn og Fjordane opplevd vekst det siste året. Nye lån til næringslivet ligg på om lag 1,5 milliardar kroner.
– Næringslivskundane er viktige for oss, og me er med og bidreg til arbeidsplassar og verdiskaping. Dei fleste av desse prosjekta føregår her i fylket, men nokre av dei er også utanfor fylket, seier Teigene.
Totalresultatet for 2016 er på 340 millionar og gir ei eigenkapitalavkasting på 9,5%. Dette er litt lågare enn fjor. Det skuldast høgare nedskriving på utlån.
Samtidig er netto renteinntekter og andre driftsinntekter auka, driftskostnadene redusert og resultat frå finansielle instrument høgre enn i fjor. Det er også realisert to eigedomar med gevinst i 2016.