GLAD: Hilmar Høl (Ap) er glad for at eit samla fylkesutval seier nei til å anke vedtaket frå Konkurransetilsynet. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
GLAD: Hilmar Høl (Ap) er glad for at eit samla fylkesutval seier nei til å anke vedtaket frå Konkurransetilsynet. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Godt at me i fellesskap kan vera samde om dette

Hilmar Høl (Ap) er glad for fylkestinget valde ikkje å anka Konkurransetilsynet sitt vedtak i Fjord1-saka. 

Årdal: Onsdag bestemte eit samrøystes fylkesutval seg for ikkje å anke forbodet som Konkurransetilsynet la ned mot å selja Fjord1 til Torghatten.

– Eg tykkjer det er voldsomt bra at me i fellesskap kan vera samde om dette og at me no kan stake ut nye kursar og finne ut om me skal gå for vidare eigarskap eller sal, seier fylkesleiaren for Arbeidarpartiet. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjedelen, og det var med knappast mogleg margin at eit fleirtal røysta for eit sal tilbake i november i 2015. 

– Tok rett avgjerd

Både salet og prosessen har møtt massiv kritikk frå fleire hald, men først og fremst opposisjonen. Vedtaket blei difor klaga inn til Konkurransetilsynet.

Tidlegare administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, gjekk av i protest då fylkeskommunen gjekk for sal. Til NRK seier han at dette viser at dei gjorde rett.

– Eg og styret gjekk av for å markere at vi ikkje kunne leve med avgjerda som fylket tok. I ettertid ser eg at vi tok rett avgjerd. Eg har ikkje angra ein dag på det, seier Neteland til NRK.

– For selskapet sin del er det dei som har mest bringeverk til korleis dei skulle forholde seg til prosessen. Dei har gått i dvale i åtte månader. At dei no får ro til å jobba vidare og er aktørar som er med på vidare løp, gjer det meir fortruleg frå deira side, kommenterer Høl.

Nye vurderingar

– Viser dette at alt dette eigentleg var unaudsynt?

– Eg kan òg slå meg på brystet og seie «Kva var det eg sa?», men når ein les vedtaket til tilsynet, så var det konsolidering i marknaden dei var mest redd for. Difor trur eg at uansett kva ferjeselskap som hadde slått seg saman, så ville dei fått same svaret. Då er det godt å vita at verken Torghatten eller fylkeskommunen vil anke, svarar Høl.

Fylkesutvalet må no ta stilling til om dei ønskjer å selja Fjord1 likevel, men ut frå vedtaket til Konkurransetilsynet sitt vedtak, blir det då neppe til eit anna ferjeselskap.

– Ja, det kan ikkje bli fusjon med eit anna ferjeselskap. Det må bli andre utanom som då blir eventuelle kjøparar, seier Høl.

– Viser dette at dette var heilt unaudsynt?

Til toppen