GODE TAL: Årsrapporten syner at bøndene i Lærdal produsera som berre det og set ny rekord i 2015 også. Foto: Akriv
GODE TAL: Årsrapporten syner at bøndene i Lærdal produsera som berre det og set ny rekord i 2015 også. Foto: Akriv

Godt bringbærår for Lærdal Grønt  

Produsentane i Lærdal gjer det betre og betre for kvart år som går.
 

- Vi hadde ein bra sesong i fjor. Særlig bringebær og poteter var vi gode på i 2015, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt.

Litt nedgang og litt oppgang

Gulrotåret 2014 sler dei uansett ikkje.

- Det var litt nedgang på gulerotfronten i forhold til året før det igjen, som var kjempe bra, seier Mundal.

Han forklarar at dei to  siste åra har vore spesielt vanskelege. Spesielt med dårlege  vêrforhold om våren. Dette har gjort at produksjonen på morellar i bygda har vore på rundt 150 tonn.

- Vi har sett oss som mål å produsera 250 tonn morellar i år, seier Mundal bestemt.

Nesten havparten av dei kring 40 prosentane i Lærdal dyrkar i dag moreller.

Omsetjingsrekord i fjor

Tala for 2015 er endå ikkje heilt på plass, men Mundal seier at dei i år også ser på ny omsetjingsrekord.

- Felleskjøpsbutikken går bra og produsentane produsera mykje. Vi vekse kvart einaste år, men vi har lyst til å bli endå flinkare, seier han.

Torsdag vart det arrangert fagdag for morelleprodusentane i Lærdal for å lære meir om bærdyrking.

Ekspertar frå England var hyra inn for å læra lærdølene korleis dei på mest mogleg vis kan dra full nytte av morelletrea og kva teknologi som finst for å gjere forholda for dyrking optimale.

- Vêret er nok den største faktoren, seier Mundal.

Trur den nye emballasjen får opp salet

Lærdal Grønt fekk i fjor ny emballasje for potetene som vert seld i daglegvarebutikkar på heile Vestlandet.

Nettopp dette trur Mundal kan ha hatt ein innverknad på dei gode salstala for potetar.

- Det har blitt utruleg mykje å velja mellom i frukt og grønt diskane etterkvart. Då er det om å gjera å stikka seg ut, slik at ein vert lagt merke til. I tillegg er det viktig å levera eit produkt med god kvalitet, slik at folk kjem tilbake, seier han.

Lærdal Grønt leverer i hovudsak poter til Hordaland og Sogn og Fjordane. Bæra som vert produsert i Lærdal, blir seld i heile landet.

Til toppen