VARIERT: Intimkonserten med Dumpster Divas og hypnoseshowet med Torgrim Holte blir av festivalleinga trekt fram som to av høgdepunkta på underhaldingsfronten under Nasjonalparkfestivalen 2017. Foto: Privat/Ole Ramshus Sælthun
VARIERT: Intimkonserten med Dumpster Divas og hypnoseshowet med Torgrim Holte blir av festivalleinga trekt fram som to av høgdepunkta på underhaldingsfronten under Nasjonalparkfestivalen 2017. Foto: Privat/Ole Ramshus Sælthun

Godt nøgde med årets festival

Familiedagen Under Skåri, intimkonserten med Dumpster Divas (sjå video!) og hypnoseshowet med Torgrim Holte blir trekt fram som nokre av høgdepunkta under årets festival.

Årdal: – Me har gjort nokre endringar i høve tidlegare år, og har hatt realistiske forventingar til mottakinga. Nokre har vore med på så og seia alt av program, og tilbakemeldingane der har vore gode, seier Torunn Todal Laberg i stiftinga Nasjonalparkfestivalen «Under Storen».

Etter fire dagar med turar, konsertar og eit variert spenn av ulik underhalding og diverse aktivitetar for både små og store er det nokre programpostar dei som har stelt til festivalen trekkjer særskild fram.

Les også: – Håpar folk møter opp og bidreg til god stemning

– Laurdagen var veldig fin med familiedagen Under Skåri. Ungar vrimla rundt i timevis. Og det var ein utruleg flott intimkonsert ved stabbursveggen på kvelden. Dei som var der var over seg av begeistring, seier Rigmor Solem, styreleiar i stiftinga.

Artikkelen held fram under videoen

– I det heile hadde me eit variert program av konsertar og ikkje minst turar, både på vatn og over 2000 meter over havet. Noko for alle aldersgrupper. Og det var eit veldig artig hypnoseshow fredag, held Solem fram.

Les også: Rett etterpå fekk ikkje Toni høgrefoten av flekken

Todal Laberg trekkjer fram dei same programpostane.

– Familiedagen i Naturhuset var veldig kjekt. Me grilla ein heil hjort og det er jo mykje mat, men alt forsvann. Så har me fått nokre peikepinnar på vidare utvikling.

– Særskild bør me ha eit stort tur- og aktivitetsprogram i det vidare; området me bur i  er styrken vår. Og det vil spissa profilen ved festivalen. Og slikt som intimkonsertar i natursetting, kombinert med god mat har eg veldig tru på. Me er i alle fall veldig motiverte for vidare arbeid.

Les også: – Den største gleda er jo å gjera andre glade, og det gjer ein gjennom dugnaden

– Var det noko som ikkje gjekk som det skulle eller burde ha vore annleis?

– Alt har eigentleg gått veldig fint. Me hadde ein episode med Kjell Elvis, då – kleda hans forsvann. Det skulle jo skje han, av alle – for han er jo ganske avhengig av kleda. Men det ordna seg; kleda kom med taxi. Så var det altfor lite folk i høve kor ufatteleg flott konserten med Dumpster Divas var. Utruleg dyktige musikarar, dei er me nøydde til å invitera att så fleire får oppleva dei. 

– Me hadde eit par timar pause mellom programmet i Naturhuset og intimkonserten, og då var det mange som reiste heim, forklarar Solem.

Til toppen