BRA: Petter Arnt Løvdahl fortel om ein god sesong for Avdal Gard i år også. Foto: Siren B. Svortevik.
BRA: Petter Arnt Løvdahl fortel om ein god sesong for Avdal Gard i år også. Foto: Siren B. Svortevik.

Godt nøgde med sesongen i Avdalen 

– Det har gått toleleg bra med driftinga av Avdal Gard. Besøket kan samanliknast med i fjor, seier leiar i Stiftinga Avdal Gard, Petter Arnt Løvdahl.

Løvdahl seier at dei i år har merka ei auke i besøk, særleg frå folk i Bergen-området.

– Det kan verke som om stadig fleire av desse har byrja å bli kjende med Årdal, seier Løvdahl til Porten.no.

Mange av desse har gjerne hytte på fjellet, og tek seg turar til Årdal for å oppleva kva bygda har å by på.

Les også: Fantastisk sesong for reiselivet i Årdal

Artikkelen held fram under biletet.

LIKE NØGDE SOM I FJOR: Men nytt for året, er at stadig fleire frå Vestlandet har funne vegen til denne fjellgarden. - Folk skryter og er i strålande humør, fortel leiar Petter Arnt Løvdahl.
LIKE NØGDE SOM I FJOR: Men nytt for året, er at stadig fleire frå Vestlandet har funne vegen til denne fjellgarden. - Folk skryter og er i strålande humør, fortel leiar Petter Arnt Løvdahl.

– Mange tek dagsturar til Avdalen og kjøper det me har å by i kafeen, alt frå karbonesmørbrød, vaflar og drikke, seier han. 

Ville ikkje gå lenger opp 

Andre tek turen eins ærend til Avdalen for å bu og overnatta i to netter til dømes. Det gjeld både vaksne og familar med ungar.

– Mange av desse sa i år at dei ikkje ønska å gå lenger opp i fjella, fordi dei ikkje ville gå i snø og kalde temperaturar slik føret og vêret var i sommar, fortel Løvdahl, og legg til at det sjølvsagt også i år har kome fjellturistar som har vandra frå hytte til hytte.

Les også: Slik skal jobbe for at neste år blir like bra

Overnattingsgjestene kjøper vanlegvis både frukost, lunsj og niste og middag på Avdal Gard.

– Det er mange som til dømes går vidare opp i Gravdalen, Stølsmaradalen, Vetti og attende til oss, smiler han.

Set pris på felles arrangement

Elles er det ein del arrangement på fjellgarden. Dette er til dømes skuleklassar som gjerne ligg over i to netter, samt «Politikameratane», som samlar ein god gjeng unge der oppe. Slik gruppeaktivitet er viktig for Avdal Gard økonomisk

– Den største inntektskjelda vår er Fjøsblues som finn stad her kvar juni, seier Løvdahl.

Les også: Unge musikarar imponerte stort under Fjøsblues

Difor må han vedgå at han er litt irritert på at to store grupper i DNT som hadde meld si ankomst, gav melding om at dei ikkje kom likevel.

– Det var visst for få påmelde. Einskilde hadde då sjekka vêrmeldinga fleire dagar i førevegen og bestemte seg for ikkje å reisa då det ikkje var meld bra nok vêr. Og då dagane kom, og gruppene skulle ha vore her, skein sola frå blå himmel, seier Løvdahl frustert. Han legg til at fleire andre som driv med denne type turisme, opplever det same og finn det irriterande.

Artikkelen held fram under biletet.

AVDALSFOSSEN I DAG: Sjølv om ikkje Avdal Gard er bemanna enno, er det eit eldorado av stiar og fargar å gå i i denne flotte hausten me har no.
AVDALSFOSSEN I DAG: Sjølv om ikkje Avdal Gard er bemanna enno, er det eit eldorado av stiar og fargar å gå i i denne flotte hausten me har no.

Fire lønna tilsette

Tre studentar har jobba for Stiftinga Avdal og Stiftinga Naturhuset i sesongtida som har vore 23. juni til midt i september. Den eine studenten er frå Polen og jobba der sitt femte år på rad. Dei to andre har vore norske studentar.

Florin Halastuan er inne i sitt sjuande år som arbeidsleiar for desse. Han er tilsett frå mai til oktober kvart år, og styrer med alt frå skjøtsel, og inne- og utearbeid.

- Vil du seie at de tener store pengar på Stiftinga Avdal og Stiftinga Utladalen Naturhus?

- På inga måte! Det burde no vera såpass i inntekter for å klara å driva området nokolunde. Me får tru fleire brukar oss neste sesong. Me betalar ut svært få lønningar, det meste går i dugnad, fortel Løvdahl og seier bestemt at kvar einaste krone i overskot blir brukt for å halda området oppe å gå.

Han understrekar at det er Ole Magnar Nundal som er leiar i Stiftinga Utladalen Naturhus, og at det er Rigmor Solem som har ansvaret for skjøtsel i området i Utladalen. Partane samarbeidar mykje, også med andre styremedlemer og dugnadsarbeidarar.

Til toppen