Lærdal: Fredag klokka 15.00 blir fylkesveg 243 i Lærdal opna til Vardahaug bru. Det melder Lærdal kommune på sine heimesider.

Fylkesveg 243 er ein nasjonal turistveg mellom Lærdal og Aurland, populært kalla Snøvegen fordi den ligg så høgt, 1306 meter over havet, at du ofte kan sjå snø her heile året.
Vardahaug bru ligg på kommunegrensa til Aurland, og er eit perfekt utgangspunkt for ein skitur til dei to toppane Bleia (1717), eller Blåskavlen (1809). Opninga er dermed godt nytt for skiglade påsketuristar. Fleire har òg hytte på veg oppover dalen.
Dersom det er dårleg vêr, kan vegen blir stengt på kort varsel, skriv kommunen.