NØGD: Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, er glad for dei gode resultata banken kan vise til på fleire område.
NØGD: Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, er glad for dei gode resultata banken kan vise til på fleire område. (Foto: Arve Ullebø)

Godt resultat for Sparebanken Sogn og Fjordane

Banken er i tillegg best på likestilling og har blant dei mest nøgde kundane i landet.

Sogn: Sparebanken Sogn og Fjordane leverer eit svært godt resultat i tredje kvartal, med ein egenkapitalavkastning på 11,2 prosent. Den har også passert 50 milliardar kroner i utlån, er best på likestilling og har blant dei mest nøgde kundane i landet, skriv banken i ei pressemelding. 

Totalresultatet til banken etter tredje kvartal i år er på 390 millionar kroner. Det er 21 millionar meir enn på same tid i fjor. Lågare utlånstap og god vekst i netto renteinntekter er årsaka til resultatet. 

– Dette har vore eit fantastisk kvartal for oss. Og det gjeld ikkje berre sjølve resultatet, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ein milepæl

Å passere 50 milliardar i utlån har vore ein milepæl for Sparebanken Sogn og Fjordane, og noko banken er stolt av. 

– Me er i ein bransje med stor konkurranse, men me syner at me er konkurransedyktige. Me er bank nummer éin i Sogn og Fjordane, og resultatet viser at me hevdar oss i den nasjonale konkurransen, seier Teigene.

Godt omdømme

Banken har også gjort det svært godt i to forskjellige kåringar og undersøkingar i haust.

Den eine er SHE Index, der banken tronar aller øvst i konkurranse med 90 andre selskap i Noreg. Denne indeksen måler kor gode selskap i Noreg er på likestilling. Av 100 moglege poeng har banken fått 94.

– Me har jobba målretta med mangfald og likestilling i banken over tid, og det er utruleg kjekt å sjå at dette gjev resultat, seier Teigene.

I tillegg har banken gjort det godt i den årlege bankundersøkinga til EPSI. Her er banken heilt i toppen på fleire punkt, og er mellom anna den nest beste banken når det kjem til kundetilfredsheit og lojalitet. Når det gjeld omdømme og tillit er Sparebanken Sogn og Fjordane best, ifølge EPSI.

– Me er veldig glade for at kundane har gjeve oss ei så tydeleg og god tilbakemelding, og me skal fortsette å jobbe hardt for kundane våre kvar dag, seier Teigene.

Satsar på klima- og berekraft

Banken er også godt i gang med ei satsing på klima- og berekraft. Sparebanken Sogn og Fjordane var i haust, som den andre sparebanken i Noreg, ute med grøne obligasjonslån, og banken har også nyleg slutta seg til FN sine prinsipp for «Global Compact».

Til toppen