Godt sal under haustmarknaden

Seljarane hadde gode dagar i Lærdal i helga - marknadsnemndi håpar og trur på julemarknad. Sjå biletegalleri!

Lærdal: – Dei fleste selde meir enn dei har gjort før er meldingane me har fått. Både seljarar, besøkjande og me arrangørane er svært nøgde, seier Astrid Trulsen i marknadsnemndi.

Haustmarknaden har eksistert i drygt 25 år. 2016-versjonen heldt på å bli avlyst ettersom stønad frå kommunen sat langt inne, men ein månad før marknaden vedtok formannskapet å finna dei påkravde midlane.

– Berre å seia tusen takk til alle som kjem til Lærdal desse dagane.

Resultatet vart ein svært vellukka marknad, i følgje Trulsen.

– Me har alltid ein topp med besøkjande midt på dagen laurdag, og har ei kjensle av at det var fleire på dette tidspunktet i år enn i fjor. Men me har ikkje teljeapparat, så besøkstalet kan me ikkje seia noko sikkert om.

Vidare tykkjer ho folk frå store områder er flinke til å besøkja haustmarknaden.

– Me har folk frå Sogn, Hemsedal og Valdres. I tillegg var det ein del bergensarar her laurdag. Det er berre å seia tusen takk til alle som kjem til Lærdal desse dagane.

– Heldige med vêret var de vel også?

– Det var makelaust vêr. Folk kunne vera ute heile dagen, og mange gjekk på to konsertar på kvelden.

– Ein julemarknad skal i alle fall haldast ute

No håpar Trulsen dei også får til julemarknad helga 19.-20.november.

– Eg trur og håpar det blir - me får telja opp og sjå korleis det økonomiske resultatet har vorte no, så eg vil ikkje seia noko heilt sikkert. Me investerte ein del i lys og anna utstyr første året me heldt julemarknad, og hadde nok håpa me skulle ha fått ein litt større auke dei to første åra enn me har fått.

Det kan vera litt meir utfordrande å få folk ut i kjøleg novembervêr under julemarknadaen, forklarar Trulsen.

– Ved Kvammes har dei sett opp ein omn som gir god varme, så me håpar å få til litt meir slikt. Ein julemarknad skal i alle fall haldast ute, avsluttar Trulsen

Til toppen