DYNAMISK DUO: Hilmar Høl (Ap) og Trond Øyen Einemo (H) la vekk dei politiske ulikskapane og vann smoothie-konkurransen under Haustmarknaden. Foto: Anne Karin Skjær.
DYNAMISK DUO: Hilmar Høl (Ap) og Trond Øyen Einemo (H) la vekk dei politiske ulikskapane og vann smoothie-konkurransen under Haustmarknaden. Foto: Anne Karin Skjær.

Godt samarbeid gav siger

Dei støttar to ulike parti, men Hilmar Høl (Ap) og Trond Øyen Einemo (H) fann ut at samarbeid fører fram det også.

  • Endret

Politikarkollegaene Hilmar Høl (Ap) og Trond Ø. Einemo (H) sikra seg ein overlegen siger under ein uformell kokkekamp i Lærdal i helga. 

Utgangspunktet var å lage den beste smoothien, og Høl fann ingrediensen som gav den perfekte smaken. 

Den beste smoothien

Under Smak av Sogn si markering på den tradisjonelle Haustmarknaden i Lærdal var det laurdag klart for kokkekamp mellom to lag med kjente politikarar.

I duell mot Liv Signe Navarsete (Sp) og Terje Horvei (V), skulle Hilmar Høl og Trond Ø. Einemo lage den beste smoothien ved hjelp av tre lokale produkt på marknaden. 

Arrangørane hadde lagt fram både kesam, yoghurt, juice og syltetøy, som ein kunne nytte i smoothien. Ved hjelp av ein såkalle "smoothiesykkel", kunne deltakarane nytte sykkelkraft til å blande ingrediensane.

– Aldri «trakka» smoothie før

– Eg har laga smoothie før, men aldri trakka smoothie. Så lenge eg har ein veldig sprek makker, skal det nok gå bra, fortalde Liv Signe, som alt hadde bestemt seg for at lagspelaren skulle ta seg av syklinga.

Laga hadde nokre få minutt på seg med å skaffe dei tre ingrediensane på marknaden, og fekk med seg 200 kroner kvar av konfransier Odd Helge Brugrand.

Navarsete fekk tidleg fram konkurranseinstinktet, og fekk med seg makker Horvei av garde til næraste bod. Der sikra dei seg kjapt dei aktuelle ingrediensane, som bestod av epler, pærer og honning – utan tvil ein god og sunn miks.

Lag Høl/Einemo brukte tida godt, og dukka etterkvart opp med både frukt og sjokolade. Sistenemte ingrediens var noko laget hadde stor tru på. 

Smaken av sjokolade

Medan Liv Signe blanda smoothien, trødde Terje i gang blandinga ved hjelp av sykkelkraft. Dette gav eit godt resultat, og laget kunne i ro og mak vente på konkurrentane.

Hilmar og Trond tok tida til hjelp, og miksa seg fram til ei blanding som sikra dei sigeren. 

Juryen på tre var samstemsde, og underteikna fekk ære av å peike ut vinnaren. Vinnarlaget var heilt sikre på at det var sjokoladen som gjorde susen.

Sjølv om konkurrentane hadde eit sunnare alternativ, var det til sjuande og sist smaken som gjorde utslaget.

Til toppen