Gulen: Biletet ho vann gullmedalje for er kalla «To say goodbye», og syner bror og far til Gøril Sætre på dødsleiet til faren. Det skriv Ytre Sogn.
– Det gjer at det opplevest sterkt i og med at det er så personleg, seier Sætre
til avisa.
Ho konkurrerte mot 188 fotografar frå heile landet og rundt 1500 innsendte arbeid.
– Det er veldig kjekt å få gullmedalje for eit av bileta mine. Det er første gongen og er vel ei stadfesting på at eg gjer ein ok jobb, seier ho og ler.

Gull og heiderleg omtale
Sætre fortel at ho reiser mykje rundt for å ta bryllupsbilete. Ho har teke ein bachelorgrad i fotografi i England for ti år sidan. No har ho etablert seg med fotostudio i heimbygda Brekke.
I tillegg til gullmedalje, fekk fotografen heiderleg omtale for bilete «Lost in love», som syner eit brudepar.

Ho var òg med i konkurransen i fjor, og fekk då ein heiderleg omtale.
Konkurransen som var i regi av Norges Fotografforbund, var open for medlemmane av forbundet, samt andre yrkesutøvande fotografar. Kvar fotograf kunne sende inn totalt ti fotografi i ti ulike kategoriar og det vart utdelt fleire av kvar medalje. Til saman vart 25 gull, 28 sølv, 88 bronse og 120 heiderlege omtalar utdelt.