PRAKTISK: Ordførar Jan Geir Solheim køyrde eit opplegg med praktisk undervising om korleis pengestraumane i grove trekk går i eit lokalsamfunn. Foto: Ole Ramshus Sælthun
PRAKTISK: Ordførar Jan Geir Solheim køyrde eit opplegg med praktisk undervising om korleis pengestraumane i grove trekk går i eit lokalsamfunn. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Gøy å læra om pengar

I regi av "Ungt entreprenørskap" skal alle ordførarane i Sogn få prøva seg som lærarar for ein dag. Først ut var lærdalsordførar Jan Geir Solheim som gav elevar frå Borgund og Ljøsne ei innføring i korleis eit lokalsamfunn fungerer.

Lærdal: – Pengar flyttar på seg heile tida. Dei hopar seg ikkje opp eller kjem dalande ned frå himmelen, sa Solheim då han innleia til sin skuletime om korleis privat og offentleg økonomi spelar i hop.

Denne veka var elevar på mellomsteget frå Ljøsne og Borgund samla til ein skuledag med ordføraren på Borgund skule. Opplegget gjekk over fleire økter beståande av ulike tema under den felles fana "korleis fungerer lokalsamfunnet?".

– Alle yrker er like viktige

Då Porten.no var innom lærde elevane om korleis økonomien heng i hop. Nokre av elevane hadde fått tildelt private yrker, som snikkarar, bilmekanikarar eller banksjef. Ordførar Solheim delte ut løn til desse for arbeidet deira, 3000 kroner kvar.

Men så måtte han ta innatt ein tusenlapp frå alle. Fordi ein må betala skatt, som igjen skal finansiera løna til dei offentlege arbeidstakarane. Her hadde elevane fått tildelt yrker som sjukepleiarar, renovasjonsarbeidarar og rådmannen sjølv.

– Det var ein del her som utviste noko misnøye med yrket dei fekk. Og det er heilt feil; alle yrker er like viktige for at samfunnet skal fungera. Nokre typar jobbar gir betre løn enn andre, men det er ein annan sak, sa Solheim.

Artikkelen held fram under biletet

LØN OG SKATT: Solheim både delte ut pengar i løn og tok inn skattepengar.
LØN OG SKATT: Solheim både delte ut pengar i løn og tok inn skattepengar.

Så vart også dei løna med 3000 kroner kvar, av pengane som var komne inn i form av skatt. Men sjølvsagt måtte også arbeidstakarane i det offentlege også betala tusen kroner i skatt.

– Ein må også betala moms og mykje anna rart, men det tek me ikkje her og no, sa Solheim

Kva skal skattepengane gå til?

Uansett vart ordføraren og rådmannen, for høvet Karstein Molde Påske, sitjande att med ein del skattepengar.

Spørsmålet var kva desse skulle brukast til. Og då kom det til litt diskusjon.

– Kjøpesenter, er det første framlegg som kjem opp.

– Skal ein kommune betala eit kjøpesenter med skattebetalarane sine pengar? Då trur eg nok eg og rådmannen her ville få mykje kjeft, så der tek de nok feil, svara Solheim.

Artikkelen held fram under biletet

FØRST UT: Alle ordførarane i Sogn skal køyra opplegget i regi av Ungt Entreprenørskap på skulane utover våren. Elevar frå Ljøsne og Borgund i Lærdal var først ute.
FØRST UT: Alle ordførarane i Sogn skal køyra opplegget i regi av Ungt Entreprenørskap på skulane utover våren. Elevar frå Ljøsne og Borgund i Lærdal var først ute.

Leikeplass, symjebasseng og park er andre framlegg som kjem opp.

– Jau, det er alle ting ein kommune kan betala, svara Solheim.

– Museum, er også eit framlegg.

– Jau då, me har brukt skattepengar på museum også i Lærdal, forklara Solheim.

– Ein skulptur av Jan Geir Solheim, er dagens kanskje spenstigaste framlegg.

– Då hadde eg i alle fall mista jobben, kom det kjapt frå ordføraren sjølv.

Vanskeleg skilje mellom offentleg og privat sektor

Litt forklaring rundt kva Lærdal kommune brukar mykje pengar på på investeringssida no om dagen må til:

– Me byggjer om sjukeheimen, me har akkurat starta å byggja nytt vassverk, og kloakksystemet blir oppgradert. Det ligg under bakken og ingen ser det, men veldig mykje pengar kostar det likevel. Til saman kostar desse tre over hundre millionar kroner, og det er ubegripeleg mykje pengar.

Artikkelen held fram under biletet

RÅDMANN: Karstein Molde Påske fekk vera rådmann for ein dag og vurderte saman med dei andre elevane kva skattepengane burde brukast til.
RÅDMANN: Karstein Molde Påske fekk vera rådmann for ein dag og vurderte saman med dei andre elevane kva skattepengane burde brukast til.

Elevane fekk også seia kva dei sjølve ville bli. Det vart nok ein del fotballspelarar, men også to paleontologar.

– Det byrjar å bli avansert no. Paleontolog er nok ein offentleg arbeidsplass, men då først og fremst statleg, sa Solheim.

Poenget i denne runden var å skilja mellom offentleg og privat sektor, og noko usikkerheit rundt skilnaden vanka nok. Men då ordføraren fekk høyra at Knut Blaaflat Evjestad hadde sett opp ambulansearbeidar og at det var offentleg, var han nøgd.

– Ja, eg trur de langt på veg har skjønt skilnaden mellom privat og offentleg no, sa han.

Rådmannen tykte vel om skatteinnkrevjing

Slike opplegg skal altså køyrast i alle kommunane i Sogn utover våren. Solheim meiner dagen på Borgund skule viste at eit slikt opplegg har mykje føre seg.

– Då me byrja var "lokalsamfunn" eit svært innvikla omgrep. No trur eg dei har skaffa seg eit visst inntrykk av korleis ting heng i hop.

Artikkelen held fram under biletet

GJEVT: Etter gjennomført opplegg fekk elevane prøva ordførarkjeda pluss at dei fekk med seg ein attest heim.
GJEVT: Etter gjennomført opplegg fekk elevane prøva ordførarkjeda pluss at dei fekk med seg ein attest heim.

Og elevane sjølve tykte vel om opplegget.

– Det er artig å læra om pengar, seier Knut Blaaflat Evjestad.

Og Karstein Molde Påske, som altså var rådmann for ein dag, har tydelegvis skjønt rolla si:

– Kva er artig med å læra om pengar?

– At ein må betala skatt.

Så då skulle det sjå lyst ut for framtida til velferdsstaten.

 

Til toppen