– Gjæsene har vore her ein månads tid no. Det byrja med fire fuglar, no er dei oppe i 12. Dei går på same bøen heile tida og et graset. I tillegg legg dei frå seg vanvitig med avføring i bakkane, der dei går like til første slåtten, seier Frode Kversøy, som er bonde på Mjømna i Gulen.

Grågjæser øydelegg avlinga. Bonden vil skyte, dyrevernarane vil flytte dei: – Det bikkar mot ekstremisme
Organisasjonen Dyrenes Rett meiner fuglane bør flyttast ved hjelp av til dømes laser. – Dei kan berre komme hit og prøve, seier bonde Frode Kversøy.