HAR STARTA GRANSKING: Ein mann frå Sogndal omkom i ei stygg møteulukke i april. Statens havarikommisjon vil no granska hendinga.
HAR STARTA GRANSKING: Ein mann frå Sogndal omkom i ei stygg møteulukke i april. Statens havarikommisjon vil no granska hendinga. (Foto: Øyvind Nondal)

Gransking skal finna svar på kvifor brannbilen mista kontrollen

Statens havarikommisjon har starta ei gransking av den dødelege møteulukka ved Nornes i Sogndal i førre månad.

Sogndal: – Undersøkinga vil prøva å avklara kvifor brannbilen kom ut av kontroll, og vil søka å finna faktorane som kan ha påverka situasjonen både før og etter hendinga, skriv Statens havarikommisjon på sine nettsider i dag.

Det var NRK som først melde om granskinga.

Ein mann frå Sogndal omkom 11. april då han frontkolliderte med ein brannbil på veg til å sløkka ein bråtebrann på Leikanger. Brannbilen køyrde med blålys og frakta vatn.

Havarikommisjonen skriv at brannbilen mista kontrollen etter å kome utanfor vegbana i en sving. Han fekk skrens, kom over i motsett kjørefelt og traff personbilen. Personbilen vart klemt mot eit betongrekkverk. Føraren, som var åleine i bilen, døydde seinare av skadane etter samanstøyten. 

– Tilhøve rundt utrykkingskøyring vil vera sentralt og dette vil bli undersøkt. Vidare vil utforminga og tilstanden på vegen bli undersøkte, skriv Havarikommisjonen, som og vil henta inn informasjon om redningsarbeidet.

Dei skriv vidare at dei er godt i gang med å samla inn fakta om ulukka, og dei har byrja å intervjua involverte og andre som vart råka.

Til toppen