BRANN: Brannen i Lærdal skal vera under kontroll.
BRANN: Brannen i Lærdal skal vera under kontroll. (Foto: Jan Erikstad)

Grasbrann under kontroll i Lærdal

Ein stor grasbrann trua ei fiskehytte ved Lærdalselvi i ettermiddag, men brannmannskapa fekk kontroll på flammane etter ein dryg time.

Lærdal: – Det siste vi har fått melding om er at brannen er sløkt og at dei har drive med ettersløking. Så faren over, seier Magny Brandsøy ved alarmsentralen i Florø.

Det var 14.39 at dei fekk melding om at det brann i eit område på omtrent hundre kvadratmeter i området Stødnali, i nærleiken av ei hytte i Lærdal.

NRK melder at dette er den eine av fiskehyttene som kong Harald brukar når han er på laksefiske i Lærdalselvi.

Klokka 15.53 kom meldinga om at brannen var under kontroll.

– Det er framleis mannskap på staden, men det er kun litt glør igjen, alt av flammar er sløkte, seier Brandsøy.

Ho seier det er usikkert kva som var årsaka til brannen.

Til slutt var det eit område på 400 gangar 100 meter som brann, men hytta gjekk ikkje med. På det meste var elleve brannfolk i sving.

Til toppen