BIDREG PÅ KONFERANSEN: På biletet ovanfor ser me nokre av dei som skal vere bidragsytarar, f.v. Liv Ingunn Holvik, miljøkoordinator på Firda vgs., Tore Storehaug, stortingsrepresentant for KrF frå Sogn og Fjordane og Adil Khan, dansar og domar i Norske Talenter.
BIDREG PÅ KONFERANSEN: På biletet ovanfor ser me nokre av dei som skal vere bidragsytarar, f.v. Liv Ingunn Holvik, miljøkoordinator på Firda vgs., Tore Storehaug, stortingsrepresentant for KrF frå Sogn og Fjordane og Adil Khan, dansar og domar i Norske Talenter. (Bilde: Røde Kors)

Gratis bussar fraktar ungdom frå heile fylket til Førde for å læra om psykisk helse 

Arrangøren håpar at ungdomen møter mannssterkt opp, anten ein har det vanskeleg eller lett.

Sogn og Fjordane: I samarbeid med ei rekke ungdomsorganisasjonar og ungdomsparti, skipar Røde Kors Ungdom Sogn og Fjordane (RKUSF) til konferanse i Førde om psykisk helse i november, «Smerta ein ikkje ser».

– Her inviterer vi både ungdom, vaksne som jobbar med ungdom og politikarar, til å bli med og få innblikk i kva dei unge slit med og kva vi kan gjere for dei, står det på nettsida til konferansen.

Det vert gratis mat til alle under konferansen og gratis buss vert sett opp frå rundt omkring i fylket, slik at alle skal få høve til å koma. 

På nettsida til konferansen går det fram at dei som vil vere med må melda seg på, slik at arrangøren veit kor mykje mat dei skal laga i stand og kor mange bussar dei treng å setja opp for å frakta alle til Førde.

Det vert vidare understreka at konferansen er open for alle og at ungdom, lærarar, politikarar og andre som arbeider med ungdom og psykisk helse er spesielt inviterte.

Dei fleste ungdomane i fylket oppgjev at dei har det bra, men det er endå ein grunn til at Raudekrossen håpar på stort oppmøte 

I ei pressemelding frå leiaren til RKUSF, Jon Atle Rise, (som for øvrig går på Årdal Vidaregåande Skule) går det fram at 63.000 skuleelevar opplever mobbing på landsbasis og at over 10.000 born tek imot omsorgstiltak frå barnevernet.

Konferansen skal mellom anna setje søkjeljoset på korleis vanskar i barndomen kan vera med på å gjere ungdomstida vanskelegare òg. 

Pressemeldinga frå Rise fortel vidare at det også i trivselsfylket er ein god del unge som slit med psyken. Elleve prosent av ungdomsskuleelevane i fylket oppgjev at dei kjenner på depresjonar og 17 prosent av elevane melder at dei kjenner einsemd.

Det vil likevel seie at langt dei fleste ikkje oppgjev at dei slit. Men dagleg leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors, Dag Hovland, vonar at so mange som mogleg møter opp, uavhengig av kva bakgrunn dei har. Han seier konferansen vil verta lærerik og inspirerande. 

– Eg tenkjer at denne konferansen er vel so mykje for dei som ynskjer å bry seg. Anten ein kjenner nokon som har det vanskeleg eller kjenner på vanskar sjølv, so vil ein få nyttige innspel, seier Dag Hovland.

Dei som ikkje slit, kan få tips til korleis ein kan byggja andre i lokalsamfunnet som slit, inn i varmen, seier han. Og han nemner at det vil koma gode tips til korleis få ein venegjeng, ein skuleklasse eller eit fotballag til å fungera bra i hop. 

– Det skal lite til for å byggja nokon opp eller riva nokon ned

– Om ein ikkje sjølv har utfordringar, men synest livet er lett, so er det nyttig å lære om og setje seg inn i at andre ikkje nødvendigvis kjenner det same, seier Hovland vidare.
 
Han vonar konferansedeltakarane etterpå vil kjenna seg tryggare på å bidra ved å ta ein prat med dei som ein ser har det vanskeleg, eller at ein lærer seg at ein ikkje treng å nøla med å taka kontakt med ein lærar eller andre og seia ifrå om at ein trur nokon har det vanskeleg. 
 
Eit anna viktig aspekt med konferansen, seier Hovland, er at ein vil lære om å vere merksam på eiga framferd og korleis me er i høve til andre. 
 
– Ein vil læra om kor lite som skal til for å bidra til å byggja opp nokon som treng det, eller eventuelt kor fort gjort det er å riva ned andre. Ein treng nemleg ikkje vera gjennomtenkt stygg mot nokon for at det skal verta opplevd utfordrande for den det gjeld, seier Hovland.
Til toppen