SYKKELVEG: I følgje Åse-Birgitte Berstad i Statens vegvesen skal sykkelvegen vere på nordsida av Gravensteinsgata. Sykkelvegen skal vere skilta der ein kan sykle begge vegar, og med eige fortau for gåande for å redusere potensielle konfliktar mellom syklande og gåande.
SYKKELVEG: I følgje Åse-Birgitte Berstad i Statens vegvesen skal sykkelvegen vere på nordsida av Gravensteinsgata. Sykkelvegen skal vere skilta der ein kan sykle begge vegar, og med eige fortau for gåande for å redusere potensielle konfliktar mellom syklande og gåande. (Øyvind Nondal)

Gravensteinsgata får sykkelveg

I dei nye planane skal sykkelvegen vera på nordsida av Gravensteinsgata utan større endringar i sjølve køyrebana. 

Sogndal: Snart startar arbeidet med reguleringsplan for sykkelveg med fortau i Gravensteinsgata. Det har tidlegare vore arbeidd med ein slik plan, men denne vart skrinlagd for nokre år sidan. 

I 2013 vedtok kommunen «Sykkelplan for Sogndal sentrum». Føremålet med sykkelplanen er å stimulere til auka sykkelbruk gjennom eit godt tilrettelagt sykkelvegnett.

For Gravensteinsgata var det opphavleg planlagt eit tosidig sykkelfelt. Dette skulle gjerast ved å utvida vegarealet med eige felt for sykling på kvar side av gata, på same nivå som køyrevegen. Planarbeidet vart likevel skrinlagt fordi kostnadane vart større enn løyvde midlar.

Reguleringsplan i år

Åse-Birgitte Berstad i Statens vegvesen seier til Porten.no at arbeidet med ny reguleringsplan for sykkelveg med fortau vert starta opp i månadsskiftet januar/februar.

– I samband med dette vil det haldast eit ope møte der det vil koma meir konkret informasjon om dei løysingane som er vurdert og det vi går vidare med, seier ho.

Den nye reguleringsplanen skal vera klar ved utgangen av 2018.

Den nye sykkelvegen skal i følgje Berstad vera på nordsida av Gravensteinsgata (mot AMFI Sogningen, journ. amn.), utan større endringar i sjølve køyrebana. Årsaka er at ei slik løysing vil henge betre saman med eksisterande tilbod til mjuke trafikantar langs riksveg 5 i Sogndal.

Sykkelvegen skal vere skilta der ein kan sykle begge vegar, og med eige fortau for gåande for å redusere potensielle konfliktar mellom syklande og gåande.

Til toppen