ALT HEIMELAGA: Både gravlaksen, knekkebrødet og sennepssausen kan lagast overraskande kjapt heime. FOTO: Carl Martin Nordby
ALT HEIMELAGA: Både gravlaksen, knekkebrødet og sennepssausen kan lagast overraskande kjapt heime. FOTO: Carl Martin Nordby

Gravlaks i farta

Ein liten skinn- og beinfri lakseloin blir til den lifligaste gravlaksen på eit lite døgn i kjøleskapet.

  • Endret

Røykjelaks og gravlaks er noko dei fleste vel å kjøpa ferdig skiva i butikk. Få har ein røykomn, og nesten like få gjev seg i kast med å grava heile laksefiletar i kjøleskapet i dagevis. 

Men å laga sin eigen gravlaks er uvanleg enkelt viss ein brukar ein ”prerigor” laksefilet (Frøya, Salma, Lofoten).

Når ein skal grava fisk, er det uhyre viktig at fisken er fersk og av god kvalitet, og her oppfyller prerigor laks krava i aller høgste grad. Denne fisken er også skinnfri, og då går graveprosessen dobbelt så fort. Allereie etter eit døgn under plast på ein tallerken blir han mør, god og saftig. 

Etter dette er held gravlaksen seg cirka ei veke. Og det passar jo perfekt viss ein vil ha ei lita skive her og der, til dømes på knekkebrødet sitt.

Artikkelen held fram under biletet.

RERIGOR LAKSEFILET: Veleigna til "hurtiggrava" laks.
RERIGOR LAKSEFILET: Veleigna til "hurtiggrava" laks.

Til gravlaksen passar det både å servera varmt og kaldt til. Stua poteter med dill er ein klassikar som bør prøvast. Det er også godt med mjuk eggerøre med frisk grasløk, eller ein sandwich med steikt egg og avokado. Lefser med sterk sennep er ein klassikar til gravlaks, det er også sennepssaus og sprøtt brød.

Det finst ein myriade av sennepssaus-oppskrifter, men truleg er ingen så enkle og raske å laga som den vi presenterer her – med 50 % juks.

Vi tek utgangspunkt i ein ravigottesaus, som er ein fransk senneps- og urtesaus som finst i alle butikkar. Han er veldig syrleg, blank og tjukk i konsistensen. Eit bra utgangspunkt for skamlaus fusking i kjøkkenfaget! Har du i ein grov sterk sennep og ein skvett olivenolje, endrar sausen karakter og verkar som ein heimelaga sennepssaus på ein blunk.  

Artikkelen held fram under biletet.

DEIG TIL KNEKKEBRØD: Lagast raskt med bakepulver, og kan kjevlast ut bit for bit.
DEIG TIL KNEKKEBRØD: Lagast raskt med bakepulver, og kan kjevlast ut bit for bit.

Tida ein sparer på denne snarvegen, kan ein jo investera i å laga eit 100 % heimelaga og sprøtt knekkebrød? For å vera heilt ærleg, knekkebrød har eg ikkje laga så veldig mange gonger. Når eg er usikker på oppskrifter, til dømes på knekkebrød, flatbrød og liknande, tyr eg til den splitter nye bibelen min, boka "Kokkelære" av kokken og tradisjonmatelskaren Tom Victor Gausdal. Her sjekkar eg ut gode oppskrifter som garantert fungerer som dei skal.

Som ein siste hyllest til gravlaksen dryssar eg over fint skoren raudløk og plukka dill. Denne kombinasjonen på toppen av raud fisk er ikkje berre perfekt smaksmessig – han er også ei visuell nyting


Oppskrift gravlaks

Ingrediensar (4-6 personar)

500 gram prerigor laks
10 gram flaksalt
10 gram sukker
4 rundar med peparkverna
2 nevar hakka frisk dill

Pakk ut fileten av plasten, tørk han med papir og del han i to på tvers, slik at du får to like bitar. Legg dei på ein tallerken og dryss over salt, sukker og pepar. Hakk opp dillen og dryss han over. Rull fisken godt rundt i dette. Pakk plast over og la det stå i 12 timar. Snu fisken og lat han liggja 12 timar til. No er han klar for å bli skoren i tynne skiver etter behov. Brukar du ikkje all fisken til same måltidet, pakkar du han berre tett og oppbevarer han i kjøleskapet. Han held seg i cirka éi veke. 

Sennepsaus

50 gram ravigottesaus
50 gram grov sennep
2 ss olivenolje
4 rundar med peparkverna
1 ss hakka dill 

Ha alle ingrediensane i ein bolle og rør rundt fem gonger, så er sausen klar. 

Knekkebrød

KNEKKEBRØD: Den ytre sirkelen stkkes ut rundt en skål, hullet i midten kan du stikke ut rundt et glass.
KNEKKEBRØD: Den ytre sirkelen stkkes ut rundt en skål, hullet i midten kan du stikke ut rundt et glass.

500 gram rugmjøl
150 gram smør
3 ts. bakepulver
30 gram sukker
1 ts. salt
3 dl mjølk

Bland det tørre i ein bolle. Spe med mjølk og smelta smør under omrøring. Kna deigen godt saman og kjevla han ut på eit bord med mjøl på til ein cirka œ cm tjukk leiv. Prikk deigen med ein gaffel eller pinne. Del han opp i firkantar eller stikk han ut i ringar. Steik knekkebrøda på 160 grader i cirka 20 minutt, til dei er sprø.

Til pynt: Hakka raudlauk og frisk dill.

 

 

 

 

Til toppen