UROA: Arne Glenn Flåten (H) er uroa for at gravlunda på Kaupanger snart er fulle. I så fall må innbyggjarane på Kaupanger gravleggjast andre stader i kommunen.
UROA: Arne Glenn Flåten (H) er uroa for at gravlunda på Kaupanger snart er fulle. I så fall må innbyggjarane på Kaupanger gravleggjast andre stader i kommunen.

Gravlunda kan bli full i 2017. Han meiner kommunen har sove i timen

Med dødsraten som er no kan stavkyrkja på Kaupanger gå tom for graver allereie til neste år. – Kommunen sit med ansvaret, seier politikar.

Kaupanger: Reguleringsplanen vart vedteken i 2011, men enno er det lenge før spaden går i jorda og utvidinga av gravlunda kan starte. 

– Då er det ikkje hjelp i å skulde på andre, verken fylkeskommunen eller fellesrådet. Kommunen sit med ansvaret, seier politikar Arne Glenn Flåten (H).

Les også: Her fryktar dei å gå tomme for gravplassar

Fekk planane i retur

Det er Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd som står bak planane for utvidinga. Vanlegvis finst det standardløysingar du kan bruke, men gravlunda ligg midt i det historiske området på Kaupanger. 

Fellesrådet hyra difor inn ekstern hjelp til å lage teikningane. Men fylkeskommunen og riksantikvaren var ikkje nøgde med førsteutkastet. Dei krev at den nye gravlunda blir betre tilpassa det freda området rundt stavkyrkja.

– Blir det ikkje litt for lett å frita fellesrådet for ansvar, når dei trass alt har laga planane?

–  Nei, det seier eg ikkje. Men eg seier at kommunen har hovudansvaret. Dei er den profesjonelle parten i dette. Då må dei syte for framdrifta, seier Flåten.

Håpar på utbygging til neste år 

Rådmann Jostein Aanestad seier kommunen vil ta ansvaret for utbygginga, men at det er fellesrådet som har hatt ansvaret for sjølve planane for utvidinga. 

OPEN INVITASJON: Rådmann Jostein Aanestad seier det ikkje har stått på kommunen si vilje til å hjelpe.
OPEN INVITASJON: Rådmann Jostein Aanestad seier det ikkje har stått på kommunen si vilje til å hjelpe.

– I den prosessen sit ikkje kommunen i førarsetet. Men vi har heile tida sagt at vi skal hjelpe til og vere til disposisjon når vi blir spurt om det, seier han.

– Kor trygg er du på at utvidinga blir klar i tide?

– Vi har alltid lagt til grunn, utifrå planlegginga, at det skal vi lukkast med. Vi reknar med at avklaringa til Fylkeskommunen kjem tidsnok, men det har teke uforholdsmessig lang tid. Vi er kjent med at ei ny gravlund bør kome no i nær framtid. Så vi håpar den kan byggast ut neste år, seier Aanestad.

– Rådmannen har sikkert heilt rett i at det ikkje er hos kommunen at saka har stoppa opp. Men det er ikkje hjelp i når tida renn ut og det er fare for at det blir fullt, seier Arne Glenn Flåten.

Til toppen