UTAN HELL: Gro Agnethe Nybø peikar dei seks sauene står fast. Bergingsaksjonen i dag gjekk ikkje som håpa. Foto: arkiv.
UTAN HELL: Gro Agnethe Nybø peikar dei seks sauene står fast. Bergingsaksjonen i dag gjekk ikkje som håpa. Foto: arkiv.

Greidde ikkje å hente ned sauene: – Vart for farleg

– Vi kan ikkje risikere livet til folk for å få ned att nokre sauer, seier fortvila bonde i Lærdal.

Lærdal: Seks sauer vart i dag forsøkt henta ned frå eit gjel på Ljøsne i Lærdal. Sauebonde Gro Agnethe Nybø hadde mobilkontakt med dyreredningstenesta under heile aksjonen.

GIR OPP: Sauebonde Gro Agnethe Nybø innser at ho ikkje får dei seks fastgåtte dyra ned frå fjellet.
GIR OPP: Sauebonde Gro Agnethe Nybø innser at ho ikkje får dei seks fastgåtte dyra ned frå fjellet.

– Det gjekk ikkje så bra dette. Det var tåkete og ganske dårleg vêr, glatt og sleipt. Det rasa is og steinar i juvet der dei skulle leite, så til slutt gav eg dei berre beskjed om å avslutte. Det vart for farleg, seier ho.

Les også: Der oppe står sauene fast

Ho hadde kalla inn ekspertar frå «Den norske frivillige dyreredningstjenesten» til oppdraget. Når ikkje ein gong dei lukkast, då forsvann nok det siste håpet om å få sauene ned att i live. 

– Eg trur ikkje eg torer å sende folk opp dit att. Det er nesten ikkje mogleg å komme til der sauene står. Då blir det å kontakte ein jeger og skyte dei frå bakken når det blir klart igjen ut i veka, seier Nybø.

– Det er kjedeleg, sjølvsagt. Men vi må berre gjere det. Vi kan ikkje risikere livet til folk for å få att nokre sauer, det går ikkje.

Til toppen