NY BARNEHAGE: Eitt alternativ er å byggje ny barnehage ved gamle Dalen barnehage i Aurland. Berre Arbeidarpartiet stemte for i formannskapet, i staden vart valet utsett. 
NY BARNEHAGE: Eitt alternativ er å byggje ny barnehage ved gamle Dalen barnehage i Aurland. Berre Arbeidarpartiet stemte for i formannskapet, i staden vart valet utsett. 

Greier ikkje å bestemme seg for kor dei vil byggje barnehagen​

Det stod mellom to alternativ, no vil politikarane i Aurland få utgreidd eit tredje alternativ for plasseringa den nye barnehagen.

Aurland: Politikarane har allereie sett av pengar til bygging ein ny barnehage i Aurland. No er det plasseringa dei skal einast om, noko som har vist seg enklare sagt enn gjort.

– Det er ganske mange kvadratmeter som krevst for å byggje ein barnehage. Me har mykje bratt terreng og mykje dyrka mark, så det er vanskeleg å finna ein høveleg plass, seier ordførar Noralv Distad.

I dag bestemte han og resten av politikarane i formannskapet seg for å utsette valet.

– Me treng ikkje på død og liv å ta ei avgjerd no. Det er store investeringar det er snakk om, sa Anders Fretland i Miljøpartiet Dei Grøne då saka var oppe i formannskapet torsdag.

LITE POPULÆRT: Eitt alternativ er å byggje barnehagen i sentrum, noko som ikkje verkar spesielt populært hos politikarane fordi dei då må ta areal frå økoskulen.
LITE POPULÆRT: Eitt alternativ er å byggje barnehagen i sentrum, noko som ikkje verkar spesielt populært hos politikarane fordi dei då må ta areal frå økoskulen.

Les også: No skal endeleg bassenget byttast ut med eit topp moderne anlegg

Det sto mellom to alternativ, eitt nær sentrum, mellom skulen og verkstaden til Sogn jord- og hagebruksskule og eitt over fire kilometer utanfor sentrum, ved gamle Dalen barnehage.

Alternativet i sentrum er billegast og naturlegvis sentralt, men stel samstundes areal frå Sogn jord- og hagebruksskule, ein skule kommunen gjekk tungt inn for å berge då han var nedleggingstrua for eit par år sidan.

Alternativet i dalen har best soltilhøve og lokalklima og er den føretrekte varianten av dei tilsette i barnehagen. Men den er vesentleg dyrare og ligg 4,4 kilometer frå sentrum, noko som kan føre til auka bilbruk.

Verken rådmannen eller politikarane, med unnatak av Svein Jarle Bergheim i Arbeidarpartiet, var nøgde med nokon av dei.

Dermed vart det utsetting, samstundes som administrasjonen fekk i oppdrag å greie ut eit tredje alternativ i sentrum, nemleg i Vinjane skråstrek Smiebakken. Ei bratt og krevjande tomt, men verdt å sjekke ut, meinte fleirtalet.

– Når det ikkje er ei hastesak så tykkjer eg det er fornuftig at me tek oss god tid. Me har allereie brukt mykje tid, men det meiner eg òg er naudsynt for å få eit best mogleg grunnlag før vi tek ei stor investering, seier ordførar Distad.

Til toppen