BUSETTING: Einar Moen, tenesteleiar i NAV Lærdal, informerte politikarar og administrasjon under eit møte sist måndag om situasjonen for sosiale tenester. Han fungerer også som leiar for NAV Aurland og er prosjektansvarleg for å etablere ei flyktningteneste i Aurland. Moen ser helst at det blir etablert ei felles flyktningteneste for begge kommunane. Foto: Ina Eirin Eliassen
BUSETTING: Einar Moen, tenesteleiar i NAV Lærdal, informerte politikarar og administrasjon under eit møte sist måndag om situasjonen for sosiale tenester. Han fungerer også som leiar for NAV Aurland og er prosjektansvarleg for å etablere ei flyktningteneste i Aurland. Moen ser helst at det blir etablert ei felles flyktningteneste for begge kommunane. Foto: Ina Eirin Eliassen

Greier ikkje busette fleire flyktningar utan bustader

– Mangel av bustader i er den største utfordringa for å busetta flyktningar i Lærdal, seier Einar Moen, tenesteleiar i NAV Lærdal. Han ønskjer eit samarbeid med Aurland for å få til ei større flyktningteneste med eitt fagmiljø. 

Lærdal: Til no har Lærdal kommune busett 16 personar som har fått innvilga asyl og flyktningstatus i Noreg. Frå 2014 og ut 2017 har kommunen vedteken å ta imot til saman 60 flyktningar, der det i tillegg er eit ønske om å ta imot 28 ekstra kvoteflyktningar frå Syria. 

Les også: Avdem (SV): Me har eit ansvar

Skal legge fram flyktningplan

Sidan mai i fjor har det vore jobba med å utarbeide ein flyktningplan, den var ferdig i september og skal leggast fram som informasjonssak til formannskapet, før den skal opp til i kommunestyret.

– Flyktningplanen er noko me har vore nødd å bruka tid på for å bygga kompetanse frå botnen av, fortel Einar Moen, som informerte politikarar og administrasjon under eit møte sist måndag om situasjonen for dei sosiale tenestene i kommunen.

Han er tenesteleiar i NAV Lærdal og som fungerer som leiar for NAV Aurland. Aurland står utan flyktningteneste og Moen er prosjektansvarleg for å etablere denne tenesta i kommunen, slik at også Aurland kan busette flyktningar. Det første møtet med rådmennene skal ta plass om kort tid. 

– Ser ingen grunn til å ikkje starte bygginga

Moen fortel at det vidare arbeidet med flyktningar i Lærdal er avhengig av bustader. Det er også noko flyktningkonsulent Dag Terje Kavlie, orienterte formannskapet om alt i februar i år. 

– Me greier ikkje busette fleire før me har fleire bustader. Eg ser for meg at det må byggast i alle fall seks bueiningar per år framover for å kunne gjennomføra vedtaket om å busette 60 flyktningar, seier han.

Moen meiner det ikkje bør vera eit stort økonomisk løft for kommunen, då det er gode ordningar og tilskot gjennom til dømes Husbanken, som går til bustader for vanskelegstilte, og som kan bli dekka inn av husleige. Difor ser han ingen grunn til å ikkje setje i gang bustadbygginga. 

Moen peikar på at det er også andre vanskelegstilte i Lærdal som treng ein plass å bu, då leigemarknaden stort sett er fråverande. Difor meiner han det må byggast hus både i privat og kommunal regi, men at det er kommunen som bør gå føre. 

– Det må vera klare nye bustader til mai/april neste år. Det er det viktigaste om me skal klare jobben med å busette, seier Moen og legg vekt på at dette er aktivitet som skapar arbeidsplassar. 

Ønsker seg større fagmiljø

Moen fortel at dei 16 personane som no er busett i Lærdal, er på grensa av kva ein flyktningkonsulent maktar i ei stilling. Moen seier at NAV er avhengig med samarbeid med fleire etatar i og utanfor kommunen for å få til busettinga av flyktningar. Det er vanleg at det er kring 15 flyktningar per konsulent-stilling.

– Det er ikkje berre å ta imot flyktningar, skru saman møblar og få dei i hus. Dei skal også gjennom introduksjonsprogrammet på 37,5 timar i veka og ein må følge opp og syte for at det både er språktreningsplassar og praksisplassar, fortel Moen. 

Moen er klar på at NAV må tilsette fleire folk for å få til flyktningarbeidet, noko som alt ligg inne i budsjettet for 2016. Busetting av flyktningar utløyser også statlege tilskot, som ein kan nytte på personale.​ Men Moen tykkjer det er lurt å få på plass ei felles teneste etter vertskommune-modellen med Aurland. Slik sett kan Lærdal og Aurland dra nytte av ulik kompetanse, og Aurland kan dra nytte av kompetansen på flyktningar som alt er bygd opp i Lærdal. Han ser også på om Aurland kan hjelpa Lærdal på bustadfronten, og om ein kan etablere språkopplæring som er felles for kommunane, i staden for å kjøpa tenesta frå Sogndal slik det er i dag. 

– Slår me tenestene for Aurland og Lærdal i lag blir det då fleire tilsette og eit større fagmiljø, slik at det blir gode tenester i begge kommunane, seier Moen. 

Han legg også til at det er mindreårige som treng busetting ute i kommunane. Det kan også vera aktuelt i Lærdal, det utløyser ekstra statlege tilskot, men krevjer eit større fagmiljø då det er meir ressurskrevjande. 

– Berre å klinke til

Kåre Mentz Lysne (Ap) meiner politikarane må tak i mangelen på bustader og trur heller ikkje det er ein økonomisk risiko for kommunen. Både Frode Myklebust (V) og Trond Øyen Einemo (H), som er fungerande ordførar, tykkjer det er ein god idé å få til eit samarbeid med Aurland etter vertskommune-modellen, slik at ein kan ha felles busetting. 

– Eg ser ingen grunn til å ikkje klinke til. Me veit kva som er situasjonen i verda og flyktningane er ein ressurs dit dei kjem. Det blir noko arbeid i ein innkøyringsfase, som det finst pengar til. Kan me laga ein plan på kva det kostar, kvar me kan bygga og kva me får att? Me kan ikkje fortsetta å lukta på kvarandre. Eg ønskjer meg ei ferdig pakke slik at me kan gå i gang med husbygging, seier Gro Starheimsæter (Sp). 

Vil påvirke tenestene i kommunen

Rådmann Alf Olsen jr. minnar om den økonomiske situasjonen kommunen er i og meiner det er grunn til å spørje om organisasjonen greier å få meir fart på flyktningarbeidet slik situasjonen er no, sjølv om ligg eit vedtak om å busette 60 personar. 

Olsen jr. meiner også ein må tenkje samspel på tvers av kommunane for å sette trykk på flyktningarbeidet og for å dra meir nytte av kompetansen og ressursane som alt finst. 

– Slik situasjonen i kommunen er no, må me fokusere på å få orden på økonomien. Det kan vera flyktningar vil bidra postivt, noko eg er ganske sikker på, men kutt i einiga for helse samstundes med auka tal på flyktningar går ikkje godt i hop. Bodskapen min er å få orden av økonomien først, då ein må vera klar over kva ein gjer og kva det betyr for dei kommunale tenestene, seier rådmannen. 

Til toppen