SPANANDE Å HANDLE I NYOPNA BUTIKK: F.v. Liv Veum, Andreas Veum og Anny Hatlenes. Då Porten.no kom i snakk med dei tre handlarane, hadde dei akkurat ved hjelp av kalkulator jamført kaffitilboda til Europris og Coop. Båe butikkane kom godt frå det.
SPANANDE Å HANDLE I NYOPNA BUTIKK: F.v. Liv Veum, Andreas Veum og Anny Hatlenes. Då Porten.no kom i snakk med dei tre handlarane, hadde dei akkurat ved hjelp av kalkulator jamført kaffitilboda til Europris og Coop. Båe butikkane kom godt frå det.

 – Greitt å sleppa den valfarten til andre handelsstader

No slepp handleglade årdøler å stogga i Kaupanger kvar gong dei skal over fjorden.

Årdal: – Eg er ikkje mykje i butikkar, eg må seia det, men eg var nyfiken på å koma og sjå her i butikken no når dei har opna, seier Andreas Veum. 

MARSIPANKAKE OG KAFFI TIL ALLE: I midten, med glutenfri kransekake i handa: Sjef for Europris i Årdal, Lena Nyheim. Heilt til venstre, Ingelin, som har jobba tolv år hos kjeda i Florø. Nicole er heilt fersk i jobben. Morten er sjef for Europris i Kaupanger og Connie t.h. har jobba nokre år på butikken i Førde.  Bilde: Snorre Sandemose

Han synest det er kjekt å ha fått Europris til bygda:

– Det er no veldig greitt for bygda å sleppa den valfarten til andre handelsstader, seier han. 

– Synest du det er ein flott butikk? 

–  Eg er ikkje komen stort lenger enn til kakefatet. Eg er nysgjerrig på å sjå resten av butikken òg, seier Veum.

Kakefatet han snakkar om, var eit bord ganske nært inngangen som var pryda med ei svær marsipankake. Kakestykke var lagde på tallerkenar og alle som ville fekk ta del i feringa med å kosa seg med kake og kaffi. 

Oppstartshjelp frå hi sida av fjorden

TRAVEL HANDLEFØREMIDDAG: Det var ein god del handel å sjå på den nyopna butikken på føremiddagen torsdag.

Det var mykje folk til stades etter at butikken hadde vorte innvigt, men butikksjef Lena Nyheim var ikkje overraska over det: 

– Eg hadde trua på at det skulle kome mange folk. Årdøler er so flinke til å støtta opp når det er noko slikt som skjer, seier ho, og kan fortelja at dei 25 fyrste som kom inn dørene fekk kvart sitt gåvekort ifrå butikken. 

Nyheim trur butikken kjem til å spela ei rolle i å hindra handelslekkasje til grannebygdene: 

– Det er fort gjort når ein fer avgarde for å handla på ein spesifikk butikk ein annan stad, at ein gjer heile handelen unna der og so vert det mindre handel på heimbygda, seier ho.

ADVENTSNISSE: Alt på lang fråstand kunne ein få augo på nissen som helsa folk velkomne til ein adventshandel.

No i oppstartsfasen har ho litt ekspertise frå andre stader i fylket på plass i butikken. Sjefen for Europris i Kaupanger har vore innom fleire dagar og hjelpt til. Han kjem til å koma innom jamt den neste tida for å gje råd om bestilling av varer med meir.

Veninnene er glade for at nykomaren er på plass

Liv Veum og Anny Hatlenes kan fortelja at dei alltid har handla på Europris i Kaupanger når dei har vore på hi sida av fjorden. 

– No slepp me å ta den obligatoriske turen innom Europris der og det er flott, seier Hatlenes, og legg til: 

– Butikken her er heilt topp. Dei har mykje her og det er ein flott butikk.

Til toppen