KVÅLE SIGRA I JENTEKLASSEN: Laget Kvåle Mix slo Kaupanger United i finalen 2 -1, og jentene frå Sogndal vann dimed årets grendacup i Sognahallen. Også i guteklassen var det eit lag frå Kvåle-grenda som sigra, deira namn var òg Kvåle Mix.
KVÅLE SIGRA I JENTEKLASSEN: Laget Kvåle Mix slo Kaupanger United i finalen 2 -1, og jentene frå Sogndal vann dimed årets grendacup i Sognahallen. Også i guteklassen var det eit lag frå Kvåle-grenda som sigra, deira namn var òg Kvåle Mix. (Rune Sjoeberg Sogndal Fotball rs@sogndalfotball.no)

Grendacupen som Svein Bakke fekk i gong var endå større i år enn i fjor

Både i guteklassen og i jenteklassen var det ein markant vekst i påmelde lag, og cupen teiknar til å verta endå ein varig arv etter fotballnestoren i saftbygda. 

Sogndal: Fyrste gongen Svein Bakke i regi av herrelaget til Sogndal fotball drog i gong denne romjulscupen for born, var i 1978. Etter at det hadde vorte slutt på tradisjonen med turneringa, drog Bakke ho i gong igjen i 2015. Dette vart eit av dei siste prosjekta hans. 

No er cupen komen for å bli, skriv Sogndal fotball på heimesidene sine. Eirik Bakke sat i sekretariatet under årets cup. Han har sjølv gode minne frå dei gongene han fekk delta i cupen som gutunge. 

–-Me vann finalen det siste året eg var med. Det var ingen ringare enn Helge Monsen som vart matchvinnar, fortel ein mimrande og smilande Eirik Bakke til Rune Sjøberg i Sogndal fotball. 

FORDELTE PÅ FEM KLASSETRINN: Også i guteklassen vann eit lag frå Kvåle-grenda. Alle laga bestod av minimum ein spelar frå kvart av klassetrinna mellom fjerde og åttande klasse i grunnskulen. 
FORDELTE PÅ FEM KLASSETRINN: Også i guteklassen vann eit lag frå Kvåle-grenda. Alle laga bestod av minimum ein spelar frå kvart av klassetrinna mellom fjerde og åttande klasse i grunnskulen.  Bilde: Rune Sjoeberg, Sogndal fotball

Laga vart sette saman av lærarar og representantar frå fotballen

Fotballgruppene i Sogndal og Kaupanger sette saman laga mest mogleg i tråd med kvar deltakarane bur, soleis namnet grendacup. 

Onsdag var det 110 deltakarar på grendacupen i Sognahallen. Til saman var det atten lag som deltok, alle frå Sogndal kommune. Det var ein kraftig vekst i deltakarar jamført med fjoråret.

Turneringa er slik at det er fem til seks spelarar som er påmelde på kvart lag, og dei kjem frå klassetrinna 4. til og med 8. klasse. Det er fem spelarar ute på bana på kvart lag, ein frå kvart av klassetrinna.

Til toppen