Sogndal: I Fosshagen i Sogndal grev arkeologar etter førhistoriske spor.
– Her er sannsynlegvis nokre stolpar, seier arkeolog Glenn Heine Orkelbog i fylkeskommunen, og peikar på fire mørke ringar på rekke i jorda.

– Det er litt tidleg å seia, men det kan fort vera eit hus, seier han.
I den tidlegare eplehagen i Sogndal har dei grave ut to lange grøfter for å avdekka omfanget av arkeologiske spor på plassen. Funna skal danna grunnlaget for ei meir omfattande utgraving universitetet i Bergen skal gjera i haust. Utgravingane er eit krav for at kommunen skal få lov til å setta opp ein ny barnehage her.
– I denne grøfta har me eit dyrkingslag som går herifrå, og prinsippet heilt i enden. Det er sjeldan me finn så lange og omfattande dyrkingslag som det er her, seier Orkelbog og peikar på den svarte randa som går nede langs sidene på sjakta.
Fargen kjem av at skogen vart svidd av før det vart dyrka i det næringsrike laget av oske og trekol som vart att.

Forventar interessante funn
På botnen av sjakta, på bakken der me står, kan me sjå små mørke riss i jorda. Eit enno meir konkret bevis på at dei dyrka jorda her for fleire tusen år sidan.
– Dette er spor etter ein ard, den eldste forma for plog me har, seier Orkelbog.
Dei har allereie funne kolbitar, som vil kunna fortelja meir nøyaktig når jorda her vart dyrka. Men det er allereie klart at dyrkingslaget er førhistorisk, altså før vår tidsrekning.
– Me håpar me finn meir. Plassen har alle forutsetningar for at det skal dukka opp fine funn. Er me heldige så finn me graver òg, seier Orkelbog.
Utgravingane starta tysdag og vil vara ut denne veka.
Den nye barnehagen som kjem her, skal etter planen vera ferdig i august 2019, og ha plass til hundre ungar. I dag må kommunen finna improviserte løysingar for å greia å tilby barnehageplass til alle som har rett på det. Det betyr at kommunen jobbar etter stramme tidslinjer.

Kommunen held førebels tidsplanen
Dei har avtala med universitetsmuseet i Bergen om at dei skal gjera ei større utgraving i august. Om ikkje noko uventa dukkar opp, vil bygginga av barnehagen starta seinast i september.
– So sant dei ikkje finne eit vikingskip eller noko slikt, som vil bandlegga området for all framtid, så er dette noko me har kalkulert med, seier Eirik Rygg, prosjekt- og byggjeleiar i Sogndal kommune.
I februar gjekk tre arkitektfirma i Sogn ut og kritiserte måten kommunen hadde teikna barnehagen sjølv, medan dei berre vart inviterte til å «pynta» på resultatet. Oppmodinga var at kommunen burde setta heile prosjektet på is. Rygg seier dei har funne eit arkitektkontor som er villig til å ta jobben.
– Dei er godt i gang og me byrjar å få dei første modellane og skissene på det, seier han.