GOD STEMNING: Samtlege deltakarar kosa seg under grillfesten på Lærdal alders- og sjukeheim torsdag. Foto: Bente Øien Hauge
GOD STEMNING: Samtlege deltakarar kosa seg under grillfesten på Lærdal alders- og sjukeheim torsdag. Foto: Bente Øien Hauge (Foto: Privat)

Grillfest i Lærdal

Hyggjeleg initiativ for bebuarar og pårørande ved Lærdal alders- og sjukeheim.

Torsdag denne veka vart det arrangert grillfest for bebuarar, tilsette og pårørande ved Lærdal alders- og sjukeheim. Festen har tidlegare vore ein årleg tradisjon på sjukeheimen, men har glimta med sitt fråvær dei siste åra.

Dette ville arrangørar og initiativtakarar Johanne Cirotzki og Brita Tønjum gjere noko med. Med god hjelp frå pårørande og frivillige sørga dei for å laga eit flott opplegg med både god mat og musikalske innslag torsdag.

God stemning

Anne Sofie Ljøsne var ein av dei pårørande som fekk vere med på grillfesten. Ho kan fortelje om eit svært vellykka arrangement.

– Brita Tønjum og teamet hennar hadde diska opp med heilt nydeleg mat. Det var kjempefin stemning, og deltakarane treivst godt. Alt i alt var dette eit flott tiltak, og svært positivt for både bebuarane og dei tilsette.

GRILLFEST: Brita Tønjum og teamet hennar diska opp med nydeleg grillmat.
GRILLFEST: Brita Tønjum og teamet hennar diska opp med nydeleg grillmat.

Margun Thue er sjef for pleie og omsorg i Lærdal kommune, og bidrog på kjøkkenet under grillfesten. Ho seier at dei fekk veldig mange gode tilbakemeldingar på initiativet.

– Eg tur det var spesielt kjekt for dei pårørande å verte inviterte, og det var lett å sjå at dette var stas for dei gamle. Me koste oss alle saman, rett og slett!

I tillegg hadde pårørande og frivillige gjort ein kjempejobb med å pynte utearealet og plante blomster i forkant, så dei oppmøtte kunne nyte grillmaten i hyggjelege omgivnadar.

Kjende tonar

Det musikalske innslaget var det Elle Hovland som stod for. Saman med trekkspelet sitt vitjar han Lærdal sjukeheim fleire gonger i månaden for å underhalde dei eldre med song og musikk.

Artikkelen held fram etter biletet.

KJENDE TONAR: Elle Hovland stod for dei musikalske innslaga.
KJENDE TONAR: Elle Hovland stod for dei musikalske innslaga.

Torsdag stilte Hovland opp nok ein gong, og med kjende og kjære tonar sørga han for at stemninga var på topp heile kvelden.

Til toppen