FØR OG ETTER: Gro Boger Øren blei "ny" laurdag. Foto: Kaja Nygård 
FØR OG ETTER: Gro Boger Øren blei "ny" laurdag. Foto: Kaja Nygård 

Gro blei ny på ein dag

Gro Boger Øren vart den heldige vinnaren av konkurransen. Ho vart styla av Frisørstova, kledd opp med kle og sko frå butikkane på Årdalsenteret og fekk eit gåvekort på 1000 kroner som ho kunne bruke i butikkane.

Årdal: Årdalsenteret og Frisørstova arrangerte tidlegare i mai ein «Bli ny» konkurranse. For å vere med i konkurransen måtte ein melde seg på i ein av butikkane på Årdalsenteret.

- Eg var på Gaveriet for å kjøpe ei gåve, då Kirsten fortalte meg om konkurransen. Ho lokka meg til å melde meg på, og det gjorde eg. Eg tenkte at eg aldri kom til å vinne uansett, fortel Gro Boger Øren, som vart den heldige vinnaren.

Då ho fekk vite at ho hadde vunne konkurransen, fekk ho sjokk.

- Eg trudde aldri eg kom til å vinne, og eg kunne ikkje skjønne at det var sant. Eg såg først på dette som skrekk og gru, fordi det er ein så uvant situasjon. Men så tenkte eg at det kan vere ålreit å komme seg litt ut av komfortsona av og til.

Ny sveis hjå Frisørstova

Laurdagsmorgon tok ho først turen til Frisørstova for å bli ny. Hos frisøren fekk Gro klipt, farga og styla håret sitt.

- Eg er veldig nøgd med fargen og forma på håret. Det var godt med ein oppfrisking hjå frisøren.

Artikkelen held fram under bilete

BLEI NY: Slik blei Gro styla hjå Frisørstova.
BLEI NY: Slik blei Gro styla hjå Frisørstova.

Butikkane på Årdalsenteret kledde ho opp med sko og kle

Etter frisøren tok Gro turen til Årdalsenteret for å prøve flotte antrekk. Ho var innom butikkane Sisters point, Freequent og Årdal mote.

- Dette er ein veldig uvant situasjon, men det var ganske moro når eg først kom i gang. Det er moro å vere med på noko ein aldri har gjort før, og komme seg ut av komfortsona.

Gro byrja hjå Sisters point, der ho blei kledd opp i bukse og bluse.

- Buksa er frå Sisters point, bluse frå Educe, Singlett frå Sisters point, sko frå Vagabond og veske frå Lycke. Både sko og veske er frå butikken Sentersko, fortel Jenny Hove.

Artikkelen held fram under bilete

SISTERS POINT: Gro fekk prøve dette antrekket hjå butikken Sisters Point.
SISTERS POINT: Gro fekk prøve dette antrekket hjå butikken Sisters Point.

Deretter tok ho turen til Freequent. Der fekk Gro prøve ein blomstrete kjole og nokre raude sko. 

- Kjolen er frå Vila og sko frå Eurosko, seier Serine Tryti Hunshammer.  

Artikkelen held fram under bilete

FREEQUENT: På Freequent prøvde Gro ein blomstrete kjole.
FREEQUENT: På Freequent prøvde Gro ein blomstrete kjole.

Siste butikken ho var innom var Årdal mote. Gro hadde der på seg bukse, topp og skinnjakke.

Dei dyktige damene frå Årdal mote fortel at buksa er frå Only, toppen frå Floyd, skinnjakka frå Vero Moda, skoa frå sentersko og armbånd og øyredobbar frå Gaveriet.

Artikkelen held fram under bilete

ÅRDAL MOTE: - Dette er eit elegant, men røft antrekk, fortel dei tilsette til Gro.
ÅRDAL MOTE: - Dette er eit elegant, men røft antrekk, fortel dei tilsette til Gro.

- Det var veldig gøy å gå rundt i butikkane for å prøve kle. Eg vart tatt godt imot av alle og fekk ha på meg flotte antrekk. Eg synast spesielt skinnjakka var skikkeleg kul, så den trur eg må bli med heim igjen.

Nøgd med dagen

Det var god stemning og Gro fekk mange fine kommentarar då ho gjekk frå butikk til butikk.  Ho er veldig nøgd med dagen, trass i at ho grua seg litt i forvegen.

- Dette gjekk jo strålande. Det var ei veldig fin oppleving og ein moro dag. Eg føler meg veldig sporty som var med på dette, avsluttar ho.

Til toppen