SJELDAN: Denne bilen finst det berre 29 eksemplar av i verda. I helga hadde han teke turen til Lærdal, saman med eigar Jan Augestad. (Foto: Steinar Kvigne)
BILPRAT: For bilinteresserte lærdøler mangla det ikkje på tema for å halda praten i gang under bilstemnet. (Foto: Steinar Kvigne)
NY VRI: Blant sikkert fleire andre ting, utmerkar denne doningen seg med ei original plassering av nummerskiltet. (Foto: Steinar Kvigne)
PÅ REKKE OG RAD: Selgarar av bilvoks må ha hatt gode dagar i forkant av biltreffet. Åtti bilar kom nyshina til Lærdal. (Foto: Steinar Kvigne)
GRATIS MAT: Børre Klingenberg og Handelsgruppa i Lærdal stilte med gratis lunsj i Rådhusparken. (Foto: Steinar Kvigne)
ARRANGØR: Johannes Einemo er initiativtakar bak treffet, og er sjølv bilentusiast. (Foto: Steinar Kvigne)
KLASSIKAR: To Ferrariar i den klassiske raudfargen. (Foto: Steinar Kvigne)
GODE TONAR: Lærdal musikklag stod for det kulturelle påfyllet. (Foto: Steinar Kvigne)
FOLKSAMT: Trass langt frå ideelt vårvêr, visste lærdølene å møta opp. (Foto: Steinar Kvigne)

Grombilar, gratis lunsj og korpsmusikk på vårmønstringa i Lærdal

Ein lekker Lincoln Continental Mark 5 1978-modell var ein av mange staselege bilar på treffet i Lærdal i helga.

Lærdal: – Amerikanaren vart ombygd til cabriolet på slutten av 70 talet. På verdsbasis fins det 29 eksemplar, og kun èin i denne fargekombinasjonen, seier ein stolt, noverande eigar av «flaket», Jan Augestad.

Bilen sto nedstøva på ein låve i Kentucky i 16 år, og hadde kun gått 19000 kilometer då den vart plukka fram att og sett i stand. Både denne, og resten av bilparken utstilt i Rådhusparken og Kvammegården, vart mykje kommentert av ivrige bilentusiastar.

Kvam Veteranbilklubb i Norheimsund var representert med 19 bilar på mønstringa i Lærdal.

– Ei veldig koseleg helg i ei flott bygd, og tommel opp for dei som serverte gratis lunsj, seier Augestad, om maten Handelsgruppa hadde diska opp med i Rådhusparken samstundes med biltreffet. 

God stemning

Nokre få plussgrader og sur vind minna meir om haust enn vår. Likevel, etter kvart samla det seg mykje folk.

Mat og kaffi, underhaldning av Lærdal musikklag , ein god prat anten det galdt bilar eller anna, let seg lett kombinera.

– Eg veit ikkje kor mange kaffikanner eg har trekt, men so langt nærmar det seg i alle fall femti, seier ein travelt oppteken Børre Klingenberg i Handelsgruppa.

80 bilar

Initiativtakar Johannes Einemo seier om lag 80 bilar var med på mønstringa.

– Det er jo heilt strålande at så mange tok turen til Lærdal. Skikkeleg tøft, og eit løft for gamle Øyri. Det treng me, seier Einemo.

Om to veker inviterer han til nytt treff – då er motorsyklar i fokus

Til toppen