I VEKST: Den grøne bilindustrien som er i vekst fører til stor etterspurnad etter rein aluminium. Foto: Norsk Hydro.
I VEKST: Den grøne bilindustrien som er i vekst fører til stor etterspurnad etter rein aluminium. Foto: Norsk Hydro. (Foto: Arkiv)

Grøn bilindustri godt nytt for smelteverka

Ein bilindustri som tenkjer grønt, skaper etterspurnad etter rein aluminium frå norske smelteverk.

Årdal: Aluminiumsindustrien i Sogn merkar at bilindustrien er inne i eit grønt skifte. Strengare krav til vekt og utslepp gjer aluminium laga av fornybar energi til ei ettertrakta vare, skriv NRK.

Bilprodusentane vil ha råvarer som er produserte med minst mogleg utslepp av CO2. Det er særleg karosseri i aluminium dei er på jakt etter.

– Marknaden veks enormt raskt, etterspurnaden er nærmast umetteleg. Det er vidareforedlingskapasiteten nede i Europa som avgrensar kor mykje vi kan levere der, seier verkssjef ved Hydro i Årdal Egil Fredriksen.

Prisen på aluminium er for tida svært låg på verdsmarknaden. Men ein gunstig kronekurs og stor etterspurnad frå europeisk bilindustri er med å sikre marginane til Hydros anlegg i Årdal og Høyanger. (©NPK)

Til toppen