NY FYLKESORDFØRAR: Jenny Følling (Sp) Foto: Senterpartiet
NY FYLKESORDFØRAR: Jenny Følling (Sp) Foto: Senterpartiet

Grøn bris over fylket

Jenny Følling (Sp) sikra seg fylkesordførarvervet i Sogn og Fjordane. 

Dagens fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap), måtte sjå seg slått av Jenny Følling (Sp), noverande fylkesvaraordførar, i kampen om fylkesordførarvervet.

Prisuttdeling til Noregs vakraste veg
SAMARBEID: Åshild Kjelsnes (Ap) går frå fylkesordførar til fylkesvaraordførar.
Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Etter nattas forhandlingar mellom Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, byter dermed Kjelsnes og Følling jobb, ifølgje NRK Sogn og Fjordane. 

Senterpartiet sikra seg 33,3 prosent av røystene under fylkestingsvalet og går dermed fram sidan sist val. Arbeidarpartiet kom kring seks prosent bak, med 27,5 prosent oppslutning. Også Ap går fram under årets fylkestingsval. 

Både Høgre (12,8 prosent), Kristeleg Folkeparti (6,4 prosent), Venstre (6,2) og Framstegspartiet (4,8 prosent) går ned i oppslutning frå sist val, medan Miljøpartiet Dei grøne (3,2 prosent) går fram. 

99,9 prosent av røystene frå fylkestingsvalet er no talde opp, melder Valgresultat.no.

Fordelinga av mandat blir dermed slik for fylkestinget i Sogn og Fjordane. 

MANDATFORDELING: Mandatfordelina i Sogn og Fjordane Fylkesting 2015-2019 vil sjå slik ut. Skjermdump: Valg.no
MANDATFORDELING: Mandatfordelina i Sogn og Fjordane Fylkesting 2015-2019 vil sjå slik ut. Skjermdump: Valg.no
Til toppen