– Hovudargumentet for å flytte hit var å kome nærmare marka, men samtidig bu nær byen, seier Andreas Almlid.
For drygt eitt år sidan flytta han med sambuaren Kjersti og dottera Agnes til eit rekkehus på Kjelsås i Oslo, med sykkelavstand til sentrum og Nordmarka berre nokre hundre meter unna.
Mindre urbane?
– Det er eit stort privilegium å bu så nær eit skogsområde med turvegnett som strekkjer seg heilt til Hadeland, seier Almlid, som brukar skiløyper, stiar og grusvegar aktivt. Eigen hage stod også høgt på ønskelista.
– Leilegheit var uaktuelt, vi ville ha ein hageflekk, særleg sidan vi har barn, fortel han.
– Og så er det fint å bu nær vatnet, legg dottera Agnes til, og siktar til Akerselva, som byr på fleire fine badeplassar rett i nærleiken.
Artikkelen held fram under biletet.

Familien er ikkje åleine om å ønske seg både eigen hage og nærleik til byen. Nyleg gjennomførte Norske arkitekters landsforbund (NAL) og Arkitektbedriftene i Norge ei spørjeundersøking for å avdekkje kva arkitektbransjen, byggjenæringa og folk flest meiner er det viktigaste for å oppnå god bu- og bustadkvalitet. Mange trekte fram eigen hage som viktig.
– Det som overraska meg mest var kor lite opptekne folk var av urbane kvalitetar, av å bu tett på den urbane dynamikken. Kanskje stemmer det likevel at vi nordmenn ikkje er så urbane? seier prosjektleiar i Norske arkitekters landsforbund, Geirmund Barsnes.
Auka sentralisering
I praksis søkjer nemleg mange mot byane. Ifølgje SSBs folketalsframskrivingar for 2016– 2100 vil talet på innbyggjarar først og fremst auke i sentrale strøk. Spesielt vil storbyane vekse mykje. Ein forventar også ein kraftig vekst i mange av kommunane som ligg i nærleiken av storbyane.
I NALs undersøking derimot, rangerte deltakarane nærleik til grøne areal høgare enn nærleik til urbane område. I samband med det stod eigen hage øvst på ønskelista til folk, ein kvalitet som blei rangert høgare enn både nærleik til skog, sjø og parkar.
Artikkelen held fram under biletet.

– Samtidig som folk vil ha eigen hage og tilgang på grøne område, vil dei ideelt sett ha både jobb, barnehage og butikkar innanfor gang- eller sykkelavstand. Gode kollektivsamband kan vere eit alternativ. Ein får nesten inntrykk av at fleirtalet drøymer om å bu i ei lita bygd, samtidig som ein ser at det er ønskeleg med tilgjengelegheit til urbane opplevingar, seier Barsnes.
Rekkehus med hageflekk
Ut frå svara i undersøkinga, er det småhusområda i nærleik til bykjernen som særleg verkar attraktive. Folk vil vere nær fellesskapet og det urbane, samtidig som dei ønskjer å kunne trekke seg tilbake til sin eige stad.
Godt planlagde rekkehusområde i sentrumsnære område eller i tilknyting til kollektivknutepunkt blir nemnt som éi mogleg løysing på folk sitt ønske om både hageflekk og urbant liv. Som i Hesteskoen på Kjelsås, der barnefamiliane bur vegg-i-vegg i rekkehus med rundt 120 kvadratmeter i bruksareal.
– Det er ikkje akkurat ekstravagant her. Men rekkehusa er veldig arealeffektive, og tilbyr akkurat det mange barnefamiliar treng, med ein hageflekk, tre soverom og eit ekstra opphaldsrom i form av kjellarstove, seier Almlid.
Sosialt er det også, nabobarna bankar stadig vekk på verandadøra for å spørje etter dottera Agnes.

Høg tettleik
Barsnes peikar på at bustadbygging ikkje berre handlar om bupreferansane til folk.
– Kvar og kva som skal byggjast er også ei samfunnsmessig vurdering. Mange vil nok innvende at det ikkje er rett å byggje med låg tettleik i nærleik til kollektivknutepunkt, seier han, og nemner bustadprosjektet «Torshovdalen» i Oslo som eitt døme på ei mogleg løysing for framtida.
Prosjektet er teikna av Lund Hagem Arkitekter og fekk Statens byggjeskikkpris i fjor. Det består av over 200 leilegheiter og «townhouses» rett ved sida av T-banen. Anlegget er ni etasjar på det høgste, og omfattar også butikkar, frisør, legesenter, kafé og barnehage. Leilegheitene er av ulike størrelse for å kunne romme folk i alle livsfasar.
Uansett om dei endar opp i eit prislønt bustadprosjekt, ei eldre blokk eller ein sjarmerande einebustad, er dei fleste fornøgde med bustaden sin.
– Vi trivst veldig godt, seier Almlid.
Og han er i godt følgje: Heile 98 prosent av Noregs befolkning er ifølgje SSBs levekårsundersøking for 2015 fornøgde med bustaden dei bur i.