POSITIVT RESULTAT: Trass straumbrot i januar fekk Hydro eit positivt resultat i første kvartal på 20 millionar kroner. Produksjonsrekord i karbonfabrikken bidrog til det. Foto: Norsk Hydro. 
POSITIVT RESULTAT: Trass straumbrot i januar fekk Hydro eit positivt resultat i første kvartal på 20 millionar kroner. Produksjonsrekord i karbonfabrikken bidrog til det. Foto: Norsk Hydro. 

Grøne tal for Hydro trass straumstans

Hydro Årdal leverte eit overskot på 20 millionar kroner før renter og skatt i årets første kvartal.

Årdal: Trass det dramatiske straumbrotet i slutten av januar, kan verket i Årdal vise til grøne tal i årets tre første månader. Straumstansen har påverka resultatet negativt, men produksjonsrekord i karbonfabrikken trekk opp.

– Resultatet for første kvartal er prega av straumbrotet me hadde i slutten av januar, som førte til at me mellombels måtte stengja 10 prosent av produksjonskapasiteten vår, seier Egil Fredriksen, fabrikksjef.

På grunn av straumutfallet produserte verket mindre aluminium enn budsjettert i første kvartal, men produksjonen er venta å vera tilbake i full drift snart, ifølgje fabrikksjefen.

PREGA: Ifølgje fabrikksjef Egil Fredriksen har straumbrotet prega resultatet i første kvartal.
PREGA: Ifølgje fabrikksjef Egil Fredriksen har straumbrotet prega resultatet i første kvartal.

– Våre tilsette har jobba godt med restart av dei cellene me mista i straumbrotet, og me reknar med å vere tilbake på normal produksjon i løpet av andre kvartal. 

Rekord for karbonfabrikken

Aluminiumsprisane har framleis vore låge i første kvartal, men ein høg dollarkurs bidreg positivt til resultatet. Også karbonfabrikken bidrog positivt med ein ny produksjonsrekord på 47.267 tonn anodar.

– Dette er eit godt døme på at organisasjonen vår har mykje å vera stolt over. Det er dessutan gledeleg at den positive trenden på sjukefråveret har halde fram inn i første kvartal, og at me ikkje har hatt nokon skadar hittil i år, seier Fredriksen vidare. 

Overproduksjon

Aluminiumsbransjen er framleis prega av overproduksjon på verdsbasis. Hydro ventar at forholdet mellom produksjon og etterspurnad vil vere omtrent i balanse i 2016, men at kinesisk eksport framleis vil setja press på prisane i vestlege marknader.

– Kinesarane produserer framleis meir aluminium enn dei sjølv har behov for, og dette har i lengre tid bidrege til lågare prisar i dei marknadene me leverer til, seier fabrikksjefen. 

Før jul sa Hydro at dei skal spare 2,9 milliardar kroner innan utgangen 2019. Det er dei utfordrande marknadsforholda som ligg bak dette.

– At me skal halde fram med å betre oss er ikkje noko nytt for dei tilsette. Konkurransen i aluminiumsindustrien er tøff, så me må heile tida fortsetta det målretta arbeidet me har drive med å mange år.

– Teknologipilot viktig for Årdal

For under to månader sidan blei det klart at pilotprosjektet på Karmøy blir ein realitet. Fredriksen meiner dette vil vera viktig også for årdølene.

– Teknologipiloten på Karmøy er viktig for oss i Årdal, mellom anna fordi fleire av teknologielementa som vert testa også kan implementerast ved vårt verk i framtida.

Til toppen