SOLA SKIN: Sola skein på Norsun i 2015 som for første gong kan visa til eit positivt årsresultat. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SOLA SKIN: Sola skein på Norsun i 2015 som for første gong kan visa til eit positivt årsresultat. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Grøne tal for solindustrien

For første gong leverer Norsun eit positivt årsresultat.

Årdal: 2015 var eit godt år for solcellefabrikken, som kan vise til eit årsresultat på 18,7 millionar kroner i pluss. Det fortel administrerande direktør i Norsun, Bjørn Olav Brelin, til Porten.no.

– Det stemmer. Etter nokre justeringar med bonus til dei tilsette har me justert resultatet noko ned frå 19,8 millionar kroner, seier han.

Dette er det beste resultatet til selskapet og eit stort hopp i riktig retning etter eit underskot på 91 millionar kroner i 2014.

– Me har hatt positivt driftsresultat tidlegare, men det første gongen me har eit positivt netto årsresultat. For oss er dette ekstremt viktig og oppmuntrande.

Ikkje i mål med forbetringa

Trass i eit utfordrande 2015 blei dette året fabrikken verkeleg fekk fart på forbetringsarbeidet, men det er framleis mykje igjen å gjera.

– Me er ikkje i mål, og det er berre å halde fram arbeidet som er sett i gong av heile organisasjonen. Det har betalt seg i eit positivt resultat. Ein del av dette skuldast at marknaden har vore med oss. Det har vore god etterspurnad etter produkta, og me har hatt utnytta kapasiteten fullt ut.

– Det er avgjerande for at me skal klare å presse kostnadene ned på nivået me skal vere på. Men det er framleis ein god veg å gå når det gjeld redusering av kostnader i alle ledd, held han fram.

Betring i produksjon

Gjennom året produserte fabrikken i snitt éin million waferar i veka, men no ligg nivået på rundt 1,6 millionar. Dei har mellom anna investert i ny vaskelinje, og nyleg annonserte selskapet at dei investerer 70 millionar i ny sagteknologi. Også på blokkproduksjon har dei auka produksjonen noko. 

– Me har hatt større sagkapasitet enn vaskekapasitet. Då me fekk inn ei ekstra vaskelinje, kunne me auke den totale produksjonen av wafer betydeleg. Det er eit kvantesprang. Me har ikkje gjort investeringar på ingot, så produksjonsauken her skuldast utelukkande våre eigne forbetringar, fortel Brelin.

Forventar godt 2016 også

Også tida som kjem er full av solskin. Norsun reknar med full kapasitet gjennom heile 2016, og marknaden ser førebels bra ut. 

– Så ser me at det er eit litt større prispress enn me hadde forventa då me laga budsjettet. Det er litt rart at sjølv om etterspurnaden aukar, så fell prisen. Det seier noko om konkurrentane. 

– Norsun er ein av få fabrikkar som har operert med så høg kapasitet. Det er mange som har hatt ledig kapasitet, men det seier noko om deira appetitt for å redusere sluttprisen. Konkurransen er tøff, men me meiner me skal klare å kome ut av 2016 med endå betre resultat enn i år.

Tillit til fabrikken i Årdal

Som nemnt investerer Norsun no 70 millionar i fabrikken i Årdal. Fabrikksjef Steinar Talle sa då at dette viser at styret har tru på selskapet. Brelin stadfestar dette.

– Han har heilt rett. Me skiftar ut sagene, som har for høgt kostnadsnivå, for å bli konkurransedyktige. Når me går over til nye, vil me bruke signifikant mindre tråd. At selskapets leiing og styre med backing frå aksjonærane er eit tydeleg signal om at me alle har tillit til det som vert gjort i Årdal og vil byggja fabrikken til å bli sterkare og kraftigare.

Vurderer utviding i Årdal

Det er ingen løyndom at ei utviding av fabrikken har vore diskutert og er på agendaen. Brelin lettar litt på sløret når det kjem til dei tankane.

– Det eg kan seia er at me jobbar med det. Me snakka om det i 2014 og kunne tenkja oss at det går raskare. Me jobbar med alternativ for å byggja Norsun større enn i dag. Me ser at kundane veks, og skal me klare å oppretthalde same situasjon hjå kunden, må me veksa.

– Utviding i Årdal er eitt av fleire alternativ me ser på. Me skal jobba meir intenst med dette i periode som kjem og satsar på å konkludere i løpet av dette året, seier den administrerande direktøren, som registerer at også fleire aktørar vil satse i Noreg.

Han tenkjer då på Elkem Solar, som i haust blei samd med REC om å overta fabrikk 3 og 4 på den gamle REC-fabrikken på Herøya og satse der.

– Det er ekstremt gledeleg og viser at også andre store, tunge industriaktørar som Elkem er samde med oss og seier at det går an å drive konkurransedyktig solindustri i Noreg. Det finst tal som har motbevist det, så eg synest det er ekstremt oppmuntrande.

Til toppen