KLARSIGNAL: Det har tidlegare fått avslag, men Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal har no fått løyve frå NVE.​ Foto: Konsesjonssøknad.
KLARSIGNAL: Det har tidlegare fått avslag, men Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal har no fått løyve frå NVE.​ Foto: Konsesjonssøknad.

Grønt lys til nytt kraftverk i Lærdal

Lærdal og Aurland Grønnkraft AS får løyve av Noregs vassdrags- og  energidirektorat til å byggje Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal kommune i Sogn.

Lærdal: Kraftverket vil produsere om lag 18 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 900 husstandar.

Øvre Kvemma kraftverk vil bruke eit vassfall på 347 meter i elva Øvre Kvemma mellom inntak 775 meter over havet og kraftstasjon 428 meter over havet, rett ovanfor utløpet i Lærdalselvi. Vassvegen vil i hovudsak liggje i tunnel, men nedgraven i nedre del.

Direktoratet legg vekt på at ei utbygging av Øvre Kvemma kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar. Det vil vere nokre ulemper for naturmangfaldet i og langs elva. Med slepp av minstevassføring vil desse ulempene vere akseptable, meiner NVE.

Til toppen